Kyllingsalat med grønnkål

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

At grønkål er svært sunt er det ingen som kan motseie. Kålet toler godt varmebehandling, men kan også brukast rått i salat. Kyllingsalat med grønnkål er mettande og proppfull av næring og eignar seg godt som middag! Den kraftige kålsmaken har m.a. fått selskap av søt og mjuk melon, rødbete, gulrot og kylling. Om du treng å lage salaten i ein fei, så kan du godt kjøpe Bama sin ferdige grønnkålmix. Der finn du grønnkål, kvitkål, rødkål, rødbete og gulrot. Om du vil lage salaten utan å bruke posesalat, så kjøper du dei ingrediensane du treng. 

kyllingsalat grønkål5 edit

Dette treng du:

Bama grønnkålmix

(eller grønnkål, rå rødbete, gulrot, kvitkål og rødkål)

Agurk

Honningmelon

Purreløk (bruk av den grøne delen)

Paprika

Blanding av nøtter og kjerner

(peanøtter, graskarkjerner og solsikkekjerner – usalta)

Steikt kyllingfilet (ein per person), i bitar

______________________________________

Legg alt i ein bolle (unntatt kylling, nøtter og kjerner). Bland godt. Bland ein dressing av rapsolje, balsamicoeddik/balsamicosirup, Dijonsennep, peppar og finraspa kvitløk – her tek eg ingrediensar på eim slump, så det vart vanskeleg med eksakt oppskrift! Slå dette over salaten og bland godt.

Anrett på tallerken, strø over nøtter og kjerner. Legg kyllingen på til slutt. Risle litt balsamicosirup over kyllingen rett før servering.

kyllingsalat grønkål4 edit

Denne salaten er proppfull av alt som er bra for kroppen. Visste du at det er det grøne på purreløken som er rikast på næring? Det grøne på purren er ein god kombinasjon med det kraftige grønkålet. Den søte melonen mjukar opp det totale smaksbiletet.

Om du et salaten til kvardags, er vatn det beste følget i glaset. Om du skal kose deg med salaten ein laurdagskveld eller i gode venners lag, så kan eg anbefale ein Siciliansk vin; Barone Montalto Nero d’Avola Collezione di FamigliaDenne vinen har aroma med preg av mørke bær og tørka frukt, med streif av vanilje og sevje. Smaksmessig vil du kjenne at den er mjuk og litt søt i stilen, med preg av mørke bær og tørka frukt (kjelde: vinmonopolet.no). Den litt mørke og kraftige smaken passar godt til dei mørke grønnsakene i salaten. 

kyllingsalat grønkål3 edit

Vel bekomme!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Middag - kylling, Salat, Sommarmat | Tagged , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *