Hot & Spicy kyllingsuppe
Denne suppa eignar seg svært godt til kyllingkjøt, men sjølve oppskrifta kan lagast som ein basis og så kan ein tilsette andre typar kjøt eller skalldyr/fisk. Ein av dei viktigaste ingrediensane er Red Curry Paste; ei våt chilikrydderblanding med kremete konsistens. Curry paste får du kjøpt i dei fleste daglegvareforretningar. Kyllingsuppe passar godt no når hausten kjem med kjøligare dagar og mørke kveldar.
Oppskrift til fire porsjonar:
4 kyllingfilètar
2 bokser kokosmjølk
ca 6 dl fløyte eller matfløyte
6 dl vatn
2 terningar grønsaksbuljong
1 gul lauk
1 raud lauk
1 raud paprika
1 grøn paprika
10 duskar med brokkoli
4-6 fedd kvitlauk
5 ts raud curry paste
litt kverna pepar
2 ts smør
Slik gjer du det:
Kutt alle grønsakene i små bitar.
Ha 1 ts smør, kutta kvitlauk og curry paste i ein kjele og fres dette.
Tilsett vatnet og buljongterningane. Rør til buljongterningen har løyst seg opp.
Tilsett kokosmjølk og fløyte, gi eit oppkok.
Ha i grønsakene når suppa kokar og la den småkoke i 7-10 minutt.
Smak til med pepar før servering.
Medan suppa kokar steikjer du kyllingfiletane på panna (bruk 1 ts smør i steikjepanna). Dei skal verte gylne og gjennomsteikte.
Skjær den steikte kyllingfileten i mindre bitar og legg bitane i botnen på suppetallerkenen. Slå den varme suppa over.
Server med grovt brød.
Sjå andre måtar å bruke suppa på under biletet.
Ved å berre lage basisen til suppa, kan du sette restar i kjøleskapet og ha anna tilbehør til den dagen etterpå. Her er ulike forslag til tilbehør som eignar seg å bruke:
- laks i terningar
- ei blanding av ulike fiskesortar
- reker
Du kan også ete suppa utan andre tilsettingar.