Amerikansk gulrotkake

3 Flares Twitter 0 Facebook 3 Pin It Share 0 Filament.io 3 Flares ×
Print Friendly

Berre ved å nevne ordet amerikanske kaker, så veit vi kva vi får: søte, rause, store og smakfulle kaker. Denne gulrotkaka er intet unntak! I bakeboka «United States of cake» seier kakebakarmannen Roy Fares rett nok at han har moderert dei amerikanske oppskriftene til å passe nordmenn betre, for vi vil mellom anna ha litt mindre sukker enn det amerikanarane vil. Etter å ha prøvd nokre av oppskriftene ser eg at dei nok kunne hatt godt av endå ei runde med moderering, for dei er faktisk litt for store for norske langpanner, kakeformer og brødformer.

I boka er oppskrifta på «Carrot Cake» berekna for ei lita langpanne, men eg har dobla den for å kunne lage ei stor langpanne. Nokre av måla har eg justert i forhold til det opprinnelege, men likevel så vert dette ei stor røre som berre så vidt går i langpanna. Oppskrifta på amerikansk gulrotkake  er svært saftig og enkel å lage.

gulrotkake amerikansk

Dette treng du til kaka (stor langpanne):

2 dl riven kokos

9 dl kveitemjøl

2 ts natron

2 1/2 ts bakepulver

1 ts salt

3 ts kanel

8 egg

6 dl sukker

6 dl solsikkeolje

680 gram riven gulrot

Dette treng du til ostekremen (frosting):

100 g romtemperert smør (usalta)

300 g Tine kremost naturell

200 g Tine kremost mandarin/ananas

9-10 dl melis

4 ts vaniljesukker

Slik gjer du det:

Sett omnen på 180 grader varmluft. Ha bakepapir i ei stor langpanne.

Bland kokos, mjøl, natron, bakepulver, salt og kanel i ein bakebolle. Visp egg og sukker luftig i ein annan bolle. Bland oljen og dei tørre ingrediensane inn i eggeblandinga vekselvis. Rør inn gulrøttene til slutt.

Fordel røra i langpanna og steik midt i omnen i 25 minutt. Kjenn med ein bakepinne om kaka er steikt. Viss ikkje den er det, slår du av varmlufta og lar den stå på 180 grader i inntil 10 minutt til. Sjekk med bakepinnen ein gong til. Om kaka er steikt, tek du den ut og lar den kjøle seg heilt ned. Sett langpanna på ei rist med eit kjøkkenhandkle over.

Frosting:

Visp smør og kremost luftig i ein bolle. Tilsett melis og vaniljesukker og visp saman til ein fast og fin frosting. Smør frostingen ut over kaka. Pynt gjerne med gulrotstrimar når du serverer.

gulrotkake amerikansk 1

Eg vart rett og slett så fortrylla av det vakre vinterveret i dag, så eg tok med meg kake og kaffi ut for å nyte dei varmande solstrålane!

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Kaker, Kokebøker | Tagged , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Amerikansk gulrotkake

  1. Så lækkert!
    Den må prøvast 🙂

    Ha flott februar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *