Eggesalat
Eggesalat høyrer heime på frukostbordet i jula. Denne salaten passar både til røykt laks og ulike sortar kjøttpålegg som høyrer jula til. Det er nesten litt skummelt å legge ut oppskrift på eggesalat, for det er så mange måtar å gjere det på. Min eggesalat er basert på smakar eg likar godt og som eg meiner passar godt med egg. PS! Alle bileta er tekne med Iphone, då kameraet mitt er nede for telling for tida…
Dette treng du:
5 egg
1/4 raud løk
1/4 granny smith-eple (utan skal)
1/2 ts sukker
1/2 – 3/4 pakke majonnes (lett eller vanleg)
salt og pepar etter smak
Slik gjer du det:
Kok egga i 9-10 minutt. Avkjøl i rennande, kaldt vatn.
Skrell egga og legg dei i ei skål
Ta skalet av løken og skjær den i svært små bitar.
Skrell eplet og skjær det i svært små bitar.
Ha løk og eple i skåla i lag med egga.
Tilsett sukker, salt og pepar.
For å få egga i små bitar kan du t.d. bruke ein eggedelar, du kan mose med ein gaffel eller bruke Hackit om du har det. Eg brukar Hackit for å hakke opp egga. Dersom nokre av bitane blir for store, mosar eg dei med ein gaffel.
Tilsett majonnes. Bruk akkurat så mykje at eggesalaten ikkje blir for fast, men får ein fluffy og fin konsistens.
La den gjerne stå litt før du serverer slik at smakane får sette seg. Server til røykalaks, fårerull, syltaflesk, spekemat etc. Passar like godt på frukostbordet som på koldtbordet! Dersom du har restar, kan du oppbevare eggesalaten i ei tett boks i kjøleskapet i 1-2 dagar.
Du kan sjølvsagt bruke meir eller mindre eple og løk om du vil. Om du vil lage ein variant av denne eggesalaten, kan du bytte ut eple og raud løk med smakar som du likar godt. Fersk grasløk er ein klassist ingrediens i eggesalat.
Ååå, den skal eg prøve !