Eplekake med rømme

1 Flares Twitter 1 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

For nøyaktig 20 år sidan stod eg som lærarstudent på eit skulekjøkken i Volda. Heidi Brunstad skulle lære oss å lage eplekake. Eg var skeptisk i utgangspunktet, for eg var ikkje særleg glad i eplekake. Og skepsisen vart ytterlegare skjerpa då ho sette fram rømme og sa at vi skulle lage eplekake med rømme. Eple og rømme? Det gjekk ikkje lenge før all skepsis vart feia til side. Dette var starten på eit langt og smakfullt kjærleiksforhold til Heidi si eplekake.

Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har laga denne kaka og oppskrifta er ei av dei mest populære på bloggen min. Eg har tidlegare kalle den «Verdens beste eplekake», noko som kanskje kan verke litt vel eplekjekt til sunnmøring å vere, men det er altså eit faktum. Eg trur det er kombinasjonen av søte, gode eple og det spennande rømmelokket som skaper fasinasjonen for denne kaka. No har lesarar bedt meg om å trykke oppsrkifta på nytt, og sidan vi er midt i eplesesongen, så passar det sjølvsagt godt!

eplekake med rømme

 

EPLEKAKE MED RØMME (lita langpanne)

Dersom du vil lage kaka i rund form, halverer du oppskrifta.

Deig:

200 g smør, romtemperert

3 dl sukker

2 egg

5 dl kveitemjøl

2 ts bakepulver

3-6 eple (avhengig av størrelse)

sukker og kanel til å drysse over epla

Rømmefyll:

2 egg

3 dl sukker

5 dl rømme

2 ts vaniljesukker

(sjå framgangsmåte under bilete)

eplekake rømme

Slik lagar du deigen:

Rør smør og sukker kvitt.

Tilsett egga i smørkremen og bland godt.

Ha i det tørre til slutt (det er lurt å bruke sikt til mjølet) og bland alt godt.

Kle ei lita langpanne med bakepapir og slå deigen over i langpanna. Trykk deigen, som er ganske fast, utover forma. Det kan vere lurt å fukte handa med kaldt vatn og trykke deigen utover.

Skrell epla og ta ut kjernen. Skjær epla i båtar og fordel dei over deigen.

Dryss sukker og kanel over epla.

Slik lagar du fyllet:

Pisk egg og sukker til eggedosis.

Bland rømme og vaniljesukker i eggedosisen. Rør godt.

Slå rømmefyllet over epla.

Steik eplekaka på 180 grader i 35-40 minutt. I min ovn treng kaka nesten 40 minutt. Når du tek den ut vil du sjå at fyllet er litt «levande» midt på kaka – og det er heilt normalt! Det er viktig at kaka får stå på benken og kjøle seg litt ned før du serverer den. 

Kaka er søt, saftig og syndig god. Den er kanskje litt annleis i konsistensen enn andre eplekaker du har smakt, men det er det som gjer den så god! 

V E L B E K O M M E

Eg har fått oppskrifta med Heidi Brunstad Øyehaug. Ho er lektor i ernæring, helse og miljø, og underviste i fleire år ved Høgskulen i Volda, avdeling for lærarutdanning. I dag er ho avdelingsleiar for Brudavolltunet i Ørsta. Ho har gitt ut bøkene “Ta kaka” og “Bakebok for menn”, så dette med kakebaking er noko ho kan! Boka «Ta kaka» kan du bestille hos haugenbok.no, her


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Frukt, Kaker, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Eplekake med rømme

  1. Anne-Mari sier:

    For ein flott blogg du har. No har eg lagt den i blogglista mi så eg får fylgje med.
    Denne eplekaka ser spennande ut, eg må prøve den.
    Men kva mål er det på ei lita langpanne ?
    Eg har mange størrelsar.

    Ha ein fin dag på Sunnmøre, her eg óg bur…
    Anne-Mari

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *