Terte med bær og limesmak

1 Flares Twitter 1 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 1 Flares ×
Print Friendly

Sommaren er kanskje på hell, men norsk bær er på sitt aller beste akkurat no og det er om å gjere å nytte seg av alt naturen gir oss! I dag vil eg dele ei oppskrift som vart til ein varm sommardag i juli.

Mannen hadde bursdag og eg ville servere ei kake som var full av bær og frisk i smaken. Eg pønska meg fram til ein kjeksbotn og eit fyll som mellom anna inkluderte kesam med limesmak (eg ELSKAR lime!!!). Og bær, sjølvsagt. Masse bær! Dette er ein super dessert å lage om du vil at det skal gå fort. Gjestane dine vil elske samansettinga av søte, gode bær og den syrlege smaken av lime og appelsin. PS! Du treng ikkje ei anledning til å servere denne terta; ein kvardag toler godt ein god dessert! 

Då det ferdige resultatet stod på benken, tenkte eg at oppskrifta måtte heite «Terte med bær og limesmak». I følge Wikipedia skil ei terte seg frå ein pai ved at fyllet ikkje er dekt til. Terta tek seg best ut om du brukar paiform med laus botn, slik at du lett kan fjerne forma før servering. Du kan med fordel lage terta i god tid før du skal ha gjestar. Den blir berre betre av å få kvile nokre timar i kjøleskapet før servering. 

kake masse bær sitronkesam1.jpg

Dette treng du:

1 pk Digestive-kjeks

75 g usalta smør, mjukt

1 beger Tine kesam med limesmak

2 pk Tine kremost, naturell

2 pk Tine kremost, appelsin/mandarin

1 dl melis

50 g usalta smør, mjukt

1 lime

Masse bær, valfritt

Slik gjer du det:

Køyr kjeks og smør (75 g) i ein foodprosessor til alle kjeksa er knust og du får ei masse som liknar på grovkorna sand. Ha massa i paiforma og trykk den utover botnen og dekk kantane. Sett paiforma i frysaren i 10-15 minutt (eller så lang tid som du brukar på å lage resten av fyllet).

Pisk smør (50 g) og melis i ein bolle. Tilsett kesam med lime og all kremosten. Bland alt godt med ein handmiksar. Ostemassa skal vere fluffy og glatt når den er ferdig. Ta ein lime og vask den godt. Bruk eit fint rivjern og ha litt av skallet i ostemassa. Ta den avkjølte paibotnen ut av frysaren og fordel ostemassa utover.

Sett terta i kjøleskapet til du skal servere den. Det er viktig at terta er skikkeleg kald om du skal klare å fjerne paiforma utan at terta går i stykker! Den kan godt stå 2-4 timar i kjøleskap.

Ta terta ut av kjøleskapet og lirk av den lause ringen rundt. Om du har ei god paiform med non-stickbelegg, så skal det vere lett å ta av ringen. Om du er redd for å øydelegge terta ved å fjerne botnen som ligg att under terta, så gjer det ingenting om den ligg att. Legg terta over på eit kakefat.

Pynt terta med rikelege mengder bær. Ta dei bæra du likar best eller har tilgjengeleg! La gjerne nokre av bæra som blir liggande på toppen få ha litt grøne blad – det er dekorativt og fint!

kake masse bær sitronkesam.jpg

Server kaka akkurat som den er, utan fiksfakseri og tilbehør! 

Om du vil lage ein litt annan vri på kaka, kan du bytte ut kesam med lemon curd. Og bæra kan godt byttast ut med frukt i bitar, t.d. eple, nektarin, kiwi, banan, moreller, kirsebær, melon etc. Her er det berre fantasien som set grenser! 

 N Y T ! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Dessert, Kaker, Søt dessert | Tagged , , , , , , , , , , , | 4 Kommentarer

4 Responses to Terte med bær og limesmak

  1. Beate sier:

    Mmm, det ser og høres fantastisk ut!

  2. Else Merete sier:

    Eg har ikkje heil stjerneanis, men malt. Kan eg bruke det i staden, evt. Kva mengd?

    • Tove sier:

      Du kan godt bruke vanleg, tørka stjerneanis. Men ver forsiktig med mengd, blir ganske mykje smak. Smak deg fram, men eg vil tru at litt fremst på tuppen av ei t-skei må vere nok!

  3. Else Merete sier:

    Kommentaren min havna visst på feil stad, Eg tenker sjølvsagt på solbærsylta….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *