Lynrask yoghurtis
Det er strålande sommar over det ganske land, og ingenting er betre enn å kjøle seg ned med noko kaldt i sommarvarmen. Is er som regel alltid løysinga på heteslag, trøytte ungar eller om ein vil kose seg litt. Her får du oppskrift på ein lynrask yoghurtis som i tillegg til å vere sunn, er VELDIG forfriskande! Isen er enkelt og greit laga av yoghurt og frosne bær. Eg brukar yoghurt med vanilje og frossen skogsbærblanding, men du kan sjølvsagt velje favorittyoghurt og favorittbær. Det funkar også fint om du brukar fruktbitar som er frosne ned.
Du treng:
1 stort beger Tine yoghurt, vanilje (420 g)
1 pose frosne bær (400 g) – sjølvplukka eller kjøpt i butikk
1 blender
Slik gjer du det:
Ha yoghurt og bær i blenderen. Start blenderen, bruk gjerne «pulse»-funksjon til å byrje med. Stopp undervegs og trykk bæra lenger ned i yoghurten. NB! Det er viktig at blenderen er heilt avslått når du gjer det!
Når isen har fått krema konsistens, stoppar du blenderen og isen er ferdig.
Du må servere den umiddelbart eller sette den i frysaren til du skal ha den (helst ikkje lenger enn 30 minutt, då får den for hard konsistens.
Hei eg lurte på hvor mange lesere du har vi har lest om bloggen din i nynorsken:)
Har sendt deg svar på e-post!