Pizza på grillen

111 Flares Twitter 1 Facebook 10 Pin It Share 100 Filament.io 111 Flares ×
Print Friendly

Å lage pizza på grillen er ein super måte å få pizzaen lik den du kjøper i Italia. Det er smakfullt, godt og tek kort tid. For å kunne lage dette på enklast mogleg vis, er det nokre få ting du treng:

  • grill
  • pizzastein
  • gode ingrediensar

Hemmelegheita med få til dette er at du har god varme i grillen (bør helst ikkje overstige 250 grader) og at pizzasteinen har fått ligge så lenge i grillen at den har vorte skikkeleg god og varm.

PS! Det må leggast til at måten min å lage grilla pizza på er basert på superenkel forskning! Eg har ikkje lese andre sine oppskrifter for å få idèar og tips, så dette har vore eksperimentering – særleg når det gjeld steikjetemperatur og varme. 

pizza på grill

Du kan bruke kva som helst slags pizzadeig, men mi erfaring er at det beste er om deigen ikkje er for fast. Eg brukar denne oppskrifta:

Pizzadeig (nok til 3-4 små pizza)

8,5 dl kveitemjøl

4-4,5 dl lunka vatn

50 g tørrgjær

1 ts salt

Bland alt det tørre og ha i vatnet. Eg likar aller best at deigen ikkje er for fast. Om du vil ha i meir mjøl for å vere på den sikre side, så kan du alltids gjere det. Deigen kan godt stå lenge til heving.

Når det gjeld ingrediensar til pizzaen kan du ha på akkurat det du har lyst på. Det er kjekt å kunne ha litt å velge mellom, slik at ein kan lage ulike typer pizza. Her er nokre basistips:

Tomatsaus

Du treng ein god tomatbase på pizzaen din. Eg vekslar mellom desse – alt etter kva eg har i hus:

  • god tomatpure
  • hermetiske tomatar, moste
  • pizzasaus (bruk din eigen spesialvariant eller bruk denne enkle)

Pizzafyll

Her kan du også bruke det det du måtte finne i kjøleskapet eller frysaren. Det er forresten lurt å fryse ned påleggsrestar eller middagsrestar som kylling etc. Det kan fint nyttast til fyll på ein god pizza. Mitt einaste råd er å styre unne kjøtdeig. På ein slik pizza passar det mykje betre med anna fyll. Vi et nok kjøtdeigpizza elles!

  • kokt skinke
  • krydra skinke
  • spekeskinke (Strandaskinke)
  • Coppa-skinke (Tind)
  • steikt kyllingfilèt
  • serranoskinke
  • pepperoni
  • små kjøttbollar
  • purreløk
  • rødløk
  • mais
  • tomat
  • grilla paprika/paprika
  • friske urter
  • …og mykje, mykje meir!

Ost

Nokre likar mykje ost på pizza, andre likar lite. Nokre er vågale i val av ost, medan andre held seg til Norvegia aller Jarlsberg. Her i huset likar vi godt at det er mykje ost på pizzaen og varierer mellom desse:

  • mozzarella
  • Norvegia
  • Jarlsberg
  • parmesan
  • blåskimmelost
  • cheddar

pizza på grill2.jpg

 

…og så til sjølve steikinga!

Pass på at du legg pizzasteinen i grillen ca 30 minutt før du har tenkt deg til med steikinga, då blir den god og varm. Eg har tre gassbluss på grillen min og legg steinen midt på grillen.

Kjevle ut pizzabotnar om lag på storleik med pizzasteinen. Prøv å lage botnen tynn. Om du har ei pizzaspade overfører du den utbaka botnen til denne. Alternativt kan du legge botnen over på eit stort, flatt fat med mykje mjøl på. Eller som eg gjer; eg har kjøpt ei spisebrikke berekna til små born. Dei er laga i litt stiv plast og kan klippast runde. Mjøl den godt og skli den under pizzabotnen.

Ha på pizzasaus, det fyllet du ynskjer og den osten du vil ha. Opne grillen og skli pizzaen ned på steinen. Eg steikjer pizzaen på følgande måte:

  1. Steik med full varme på alle tre blussa i 3-4 minutt.
  2. Slå av midterste blusset (den rett under grillen), steik i 3-4 minutt.
  3. Skru ned dei to blussa til middels varme og steik 2-3 minutt til.
  4. Siste minuttet skrur du på alle blussa på full varme i ca 1 minutt.

Det er sjølvsagt viktig at du sjekkar pizzaen undervegs, og så må du regulere temperatur og tid etter det du ser. Pass berre på at du ikkje held oppe lokket for lenge slik at du slepp ut for mykje varme.

pizza på grill1.jpg

Når pizzaen er ferdig overfører du den til ei rist slik at den får kjøle seg litt ned.

Server gjerne med ein god salat som tilbehør.

Dersom du skal steike fleire pizzaer etterpå, kan du godt vente nokre minutt slik at varmen får ta seg opp att.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Pizza | Tagged , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Pizza på grillen

  1. Trine Bay sier:

    Kva slags pizzasten brukar du? Og er du fornøyd med den?

    • Tove sier:

      Hei Trine – beklager seint svar! Eg har brukt Jamie Oliver sin pizzastein. Har eigentleg vore godt nøgd med den, men til slutt sprakk den. Det står på at den skal tole temperatur opp til 500 grader, noko min grill aldri har vore på. Snakka med Jernia og dei sa eg berre skulle kome og bytte den!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *