Solbærsylte med smak av lime og stjerneanis

22 Flares Twitter 1 Facebook 21 Pin It Share 0 Filament.io 22 Flares ×
Print Friendly

Dette er på ingen måte «mormors solbærsylte». Av og til treng den gode, gamle solbærsylta å verte løfta til nye høgder, og det klarer ein ved å tilsette nokre ekstra smakar.

Eg vart inspirert av matboka «Frokost med kolonihagen», ei bok skriven av Jon-Frede Engdahl – grunder og dagleg leiar ved Kolonihagen på Grunerløkka. Boka handlar om dei gode smakane, dei gode råvarene og om bøndene og produsentane bak dei gode råvarene.

solbærsylte3

 

Boka «Frokost med kolonihagen» er ei verkeleg god bok om du vil prøve deg på genuin frukostmat og lese spennande historier om dedikerte matprodusentar. Du kan lese meir om boka her , eller kjøpe den til redusert pris!

Solbærsylte med lime og stjerneanis

Det er vanskeleg å seie om det er smaken av syrleg lime eller det beskjedne hintet av stjerneanis som gjer denne sylta spesiell. Sylta er særleg godt eigna til å ha på gode, smakfulle ostar.

Ingrediensar (nok til to glas)

0,5 kg solbær

1 lim

0,5 dl vatn

200-400 g sukker

1 stjerneanis

solbærsylte6

Slik gjer du det:

Ha solbær, ønska mengd sukker, stjerneanis og vatn i ein kjele.

Riv i skalet frå ein lime. Del så limen og press all safta i kjelen.

Gi sylta eit oppkok og la den småkoke i 15-25 minutt. Mos gjerne bæra litt under koking. Koketida er avhengig av kor mykje pektin (stivelse) det er i bæra. Det er mindre pektin i godt moden bær, og då må sylta koke litt lenger.

Når koketida nærmar seg slutten, tek du litt sylte på ei skei og legg på ein kald tallerken, då ser du fort kor fast den ferdige sylta blir. Om du vil ha den litt fastare, kan du tilsette litt fruktpektin (det kjøper du i butikken).

Ta ut stjerneanisen før du har sylta på glas. 

Ha sylta på reine glas, set på lokket og la den kjøle ned på benken før du set den i kjøleskapet.

solbærsylte5

solbærsylte2

Kva passar dette syltetøyet til?

Du kan sjølsagt ete sylta akkurat som den er. Skjær deg ei god brødskive, ha på godt smør og brunost med solbærsylte på toppen. På grunn av dei spennande smakane eignar den seg svært godt på ostebordet. Server denne sylta neste gong du inviterer vener på ost og kjeks! Dei vil nyte solbærsylta på både faste og mjuke ostar. Det beste eg veit er å bruke denne sylta på ein god brie.

Du kan også blande litt av sylta i dressingen og ha på ein god salat. Eller rett og slett berre ha litt sylte på tallerkenen og dyppe grillamten i den! Den kan også varmast litt opp og brukast som bærsaus på is.

solbærsylte7

Vi har så utruleg fint ver på Sunnmøre for tida. Då klokka passerte midnatt i går, var det framleis 20 grader ute og eg sette meg på terrassen med eit rundstykke med brie og fersk solbærsylte. Herleg…

logo

Eg er så heldig å ha haugenbok.no som samarbeidspartner på bloggen min. Der finn du matbøker i alle variantar og til svært  gode prisar. Og best av alt; boka dumpar ned i postkasse di etter 1-2 dagar! No har dei fått ny heimeside som innbyr til god bokhandel. Klikk her for å kome til haugenbok.no si framside, eller her for å kome direkte til dei matrelaterte bøkene! Om du vil kjøpe boka «Frokost med kolonihagen», kjøper du den her


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Frukost, haugenbok.no, Kokebøker, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Solbærsylte med smak av lime og stjerneanis

  1. Beate sier:

    Takk for en super oppskrift. Fantastisk godt! Nå har jeg blogget, ikke bare instagrammet 🙂

  2. Elin sier:

    Hei!

    Bloggen din har fanget vår oppmerksomhet på grunn av kvaliteten av oppskriftene. Vi ville bli glade hvis du ønsker å bli med i Alleoppskrifter.no, slik at vi kunne koble til den.

    Alleoppskrifter er en søkemotor som samler de beste norske matlaging nettsteder og blogger fra Internett.

    Flere hundre blogger er allerede registrert her og dra nytte av den trafikken vi sender til sine blogger og nettsteder.

    For å bli med Alleoppskrifter, bare gå til http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Ha en fin dag!

    Vennlig hilsen,
    Elin
    Alleoppskrifter.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *