Hamburger med smak av Five Spice

11 Flares Twitter 1 Facebook 10 Pin It Share 0 Filament.io 11 Flares ×
Print Friendly

Eg kunne eigentleg berre ha kalla dei «Steikje gode burgerar» eller «Blir det betre enn dette»-burgerar. For det er ingenting som er betre enn heimelaga hamburger. Bruk karbonadedeig og putt i dei smakane du vil! Denne gongen brukte eg The Flying Culinary Circus sin «Asiatisk Glaze Five Spice» og restar av diverse barbequesausar som tok opp plass i kjøleskapet. Om du vil lage din eigen barbequesaus finn du ei super oppskrift her. Du finn også oppskrifta på ein Five Spice-dressing som passar godt til burgeren. 

hamburgerjuli

 Hamburger med smak av Five Spice

– nok til 12 store, gode hamburgerar –

1200 g karbonadedeig

400 g svinekjøttdeig

2 fedd kvitløk

1 ts salt

1 ts pepar

2 ss Five Spice Glaze

1 ss barbequesaus

evt 1-2 ss finhakka urter (ta det du har)

Cheddar

Om du har andre favorittsmakar, så er det berre å bruke det du måtte like i lag med dei andre ingrediensane! På denne måten får du hamburgeren akkurat som du vil!

  • Ha alle ingrediensane i ein stor rørebolle. Pass på at du riv kvitløken på eit fint rivjern (eller finhakk den).
  • Bruk hendene og kna alt godt. Bruk gjerne kjøkkenmaskin om du heller vil det. 
  • La blandinga stå kaldt i 20 minutt før du går i gang med å forme burgerane. 
  • Legg kjøtet på benken og rull ei pølse, del i så mange emne som du skal ha hamburgerar. Denne deigen er nok til 12 store, tjukke hamburgerar, men du må gjerne lage fleire og mindre! 
  • Fukt hendene med kaldt vatn og form rustikke hamburgerar. Legg dei på eit brett (fukt botnen av brettet med kaldt vatn) til du er klar å steikje dei. 
  • Steik hamburgerane på steikjeplate eller grill dei. 
  • Legg på ei skive med god cheddar når hamburgeren er ferdigsteikt, la den smelte før servering. 
  • Server med tilbehør som du måtte ha tilgjengeleg.

hamburgerjuli1

 

Five Spice-dressing

1 beger lettrømme

1 ss Five Spice-glaze

1 ts majonnes

1/2 fedd kvitløk, finhakka

Bland alle ingrediensane og la stå ei stund før servering slik at smakane får sette seg. 

hamburgerjuli2

Kva tilbehør treng du til burgeren?

Det fine med hamburgerar er at du kan ha på akkurat det du likar best. Og så kan du sjølvsagt bake dine eigne hamburgerbrød. Her er ei liste over tilbehør som passar til:

  • Heimelaga hamburgerbrød, oppskrift finn du her
  • Coleslaw, oppskrift finn du her
  • Holy Smoke BBQ-saus, oppskrift finn du her
  • Sprøsteikt bacon
  • Tomat, agurk og raud løk
  • Hamburgerdressing
  • Salatblad
  • French fries
  • Ketchup
  • Cheddar eller annan smakfull ost

hamburgerjuli3

 

Fyr opp grillen, leit fram det du har av gode smakar og start helga med ein god burger! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Middag - kjøt, Sommarmat, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *