Kebab med spennande krydder og tzatziki

15 Flares Twitter 0 Facebook 15 Pin It Share 0 Filament.io 15 Flares ×
Print Friendly

Min iranske kollega Maria inspirerte meg til å lage iransk kebab, men sjølvsagt med ein liten vri i smaksvegen. I følge Maria skal iransk kebab formast som pølser og grillast på grillspyd. Oppskrifta ho gav meg var relativt enkel i smakane; karbonadedeig, riven løk, egg, salt og pepar. For å få litt meir spenning tilsette eg meir krydder og kvitløk.

mariakebab

 

Iransk kebab med spennande krydder

Når eg brukar denne kebaboppskrifta, lagar eg alltid basisoppskrifta og så har eg i ei viss mengd av ei krydderblanding eg har miksa sjølv. Om ein vil ha kebaben så nøytral som mogleg, så er basisoppskrifta heilt OK. Om du vil ha det «vesle ekstra» har du i 1-2 ts av krydderblandinga (sjå oppskrift lenger nede). Dess meir krydder, dess meir spenning! 

Til basisoppskrifta treng du:

2 pk karbonadedeig (800 g)

1 løk

2 båtar kvitløk

1 egg

1/2 ts salt

1/2 ts pepar

1 ss finraspa brødsmular eller griljermjøl

Krydderblanding:

1/2 ts paprikapulver

1/2 ts allehånde

1/2 ts stjerneanis, malt

1/2 ts nellik

1/2 ts ingefær

Ha i så mykje krydderblanding som du vil. Eg brukar ca 1 1/2 ts, og så har eg resten i eit tett glas og sparer det til neste gong eg lagar kebab. 

Heimelaga tzatziki:

300 g Tine yoghurt naturell

1 agurk

2 fedd kvitløk

salt og pepar

Riv agurken på eit råkostjern, klem ut vatnet. Finhakk kvitløken. Bland yoghurt, agurk og kvitløk. Smak til med salt og pepar. Ha i ei skål og dekk med plast. La den gjerne få stå ei stund før du serverer, slik at smakane verkeleg får utfalde seg! 

mariakebab1

Slik gjer du det:

Bland alle ingrediensane i ein rørebolle. Kna godt med hendene  slik at alle ingrediensane vert skikkeleg blanda. Du kan også bruke kjøkkenmaskin, men ikkje køyr den lenger enn du må for å blande alt. 

Fukt hendene med kaldt vatn og ta ein liten handfull med deig. Form den først til ein rund ball, rull den deretter til ei pølse mellom handflatene. Fukt gjerne hendene fleire gongar, slik at pølsene vert glatte og fine. Tre pølsene på grillspyd og grill dei på medium varme på grillen. Dersom du brukar grillspyd av tre, kan det vere lurt å legge dei i vatn ei stund før du skal bruke dei. Då tek dei ikkje så lett fyr. Dersom du ikkje har grill, kan du steike dei i steikeomnen på 225 grader i ca 25 minutt. 

Server med ris, ein god salat og tzatziki.

mariakebab2

Tusen takk for god oppskrift og inspirasjon, Maria! 

Velbekomme!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | Tagged , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *