Yoghurt og sommarbær – tips og gode råd.

12 Flares Twitter 0 Facebook 12 Pin It Share 0 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

At yoghurt og bær passar godt saman er det alle som veit. Yoghurt naturell er den beste yoghurten å bruke når du vil tilsette eigne smakar. Å starte dagen med ei skål yoghurt og sommarbær gir både energi, glede og viktige næringsstoff. Det er ikkje hokus pokus å servere ei skål med youghurt og bær, men om du brukar nokre av tipsa mine kan du enkelt piffe opp kvardagsyoghurten!

yoghurt6

 

For å gjere litt meir ut av yoghurten kan du t.d. tilsette litt smak:

  • Eit lett dryss av grovmalt pepar eller vanleg pepar. Vend det inn i yoghurten med ei sleiv. Smakar nydeleg i lag med bær.
  • Eit ørlite dryss av lakrispulver (du får kjøpt det på t.d. helsekostbutikkar). Passar fint om serverer yoghurten med melon eller ananas.
  • Riv sitronskal eller limeskal og ha i yoghurten. Hugs å vaske godt først! Denne varianten passar til all slags bær.
  • Tilsett finhakka sitronmelisse og server med bær eller frukt.

yoghurt6-2

Dersom du vil ha ein litt tjukkare konsistens på yoghurten, kan du legge eit dobbelt kaffifilter i ei mjølsikt og slå i yoghurten for å renne av seg. Då renn mykje av væska vekk og du sitt att med ein yoghurt som har tjukkare konsistens.

Om du vil servere yoghurt med sommarbær som dessert, kan du løfte bæra med nokre ekstra smakar. Det gjer du enkelt ved å koke ein sukkerlake med ein heil stjerneanis og evt ei kanelstang. Bruk like delar sukker og vatn. Kok opp, la koke til sukkeret løyser seg opp (nokre minutt). Avkjøl litt. Slå litt og litt over bæra og vend bære forsiktig i laken. Bæra skal ikkje flyte i lake. Server med yoghurt naturell.

yoghurt6-3

Innlegget er skrive som eit ledd i eit samarbeid med TINE Yoghurt. For meir yoghurt-inspirasjon sjå yoghurt.no . 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Dessert, Frukt | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *