Granskuddsirup

10 Flares Twitter 1 Facebook 9 Pin It Share 0 Filament.io 10 Flares ×
Print Friendly

Å lage granskuddsirup handlar om mykje meir enn å få noko søtt og godt til desserten eller osten. Det handlar om skog og frisk luft, om å bruke ressursar vi har rett utanfor stovedøra og om å ta vare på gamle mattradisjonar. Og så er dette ein veldig kjekk aktivitet å ta med ungane på. Når dei små hendene først kjem i gang med plukkinga, så vil dei nesten ikkje stoppe! Og å få vere med på resten av prosessen kan nesten opplevest som magi; å sjå kor den lysegrøne væska blir fortrylla til ein stadig meir raud sirup.

Granskuddsirup kan berre lagast i ei begrensa periode i året, for grana skyt skudda sine i løpet av mai, men du kan plukke dei til litt ut i juni. Granskkudda må vere mjuke og lysegrøne når du plukkar dei. Til slutt i innlegget kjem eg med tips til andre måtar å bruke granskudda på.

granskuddsirup6.jpg

GRANSKUDDSIRUP

Kor mykje sirup du får, er avhengig av kor mykje du plukkar. Ein halv bærepose med granskudd gir nok sirup til at vi har det utover heile sommaren. Eit fint glas med heimelaga granskuddsirup er forresten ei super venninnegåve eller vertinnegåva, så lag gjerne rikeleg!


 

Du treng:

Ferske, lysegrøne granskudd

Vatn

Sukker

Reine glas til oppbevaring

Slik gjer du det:

Vask granskudda godt, legg dei i eit stort kar eller ein bolle i kaldt vatn. Det som evt har vore med heim frå skogen av små kryp og anna, vert då lett å fjerne.

Legg dei reine granskudda i ei kasserolle, fyll på med kaldt vatn til det så vidt dekkjer granskudda. Det er viktig at du ikkje brukar for mykje vatn.

Kok opp og la småkoke under lokk i 30-40 minutt.

Sil vekk granskota og mål opp kor mykje væske du har. Blandingsforholda mellom sukker og væske er slik: tre delar væske og to delar sukker. Så om du har 15 dl væske, skal du bruke 10 dl sukker.

Slå væska og sukkeret over i ei rein kasserolle og kok opp. No skal sirupen småkoke til den får sirupaktig konsistens. Det tek om lag 1 1/2 til 2 timar. Pass på at du tek av skummet som dannar seg på toppen.

Under kokeprosessen vil du sjå at fargen endrar seg frå lys grøn, til rosa og raud. Kor mørk raudfargen blir, er avhengig av kor lenge du kokar den. Hugs at sirupen også stivnar ein del når den får kjølt seg ned.

Slå den ferdige sirupen over på reine glas med lokk.

Min sirup står oppbevart i kjøleskap. Sett den i romtemperatur ei stund før du skal bruke den, så får den rennande og fin konsistens. Om du har kokt den litt for lenge og den blir for tjukk, så er det berre å ha den eit lite øyeblikk i mikroen før servering.

granskuddsirupcollage.jpg

Kva kan du bruke den ferdige sirupen til?

Sjølv om sirupen er søt, får du eit lite hint av noko syrleg. Dette gjer at sirupen eignar seg godt til fleire bruksområder:

  • på frukt og ferske bær
  • på is
  • på god ost
  • som smakstilsetting i sausar
  • i bakst
  • til spekemat
  • til alt vilt, både i sausar og på kjøt

granskuddsirup.jpg

 

Kva anna kan du bruke granskudd til?

Granskudd har mange bruksområde, både for å smaksette mat og for helsemessige årsaker. Men om du vil bruke granskudda til andre ting enn sirup, er det mykje du kan prøve:

  • te – la granskota småkoke/trekke i vatn
  • sylta granskudd – kok 1 liter vatn, 1,5 dl kvitvinseddik, 500 gram sukker og 20 heile peparkorn. Kok til sukkeret er oppløyst. Ta vekk frå plata, tilsett 1 liter granskudd. La stå til avkjølt, ta det på glas og sett kjølig. Kan brukast med det same, men er best etter ei veke i kjøleskap. Bruk granskudda på leverpostei, til viltkjøt eller fisk, eller på burgeren – smakar betre enn sylteagurk).
  • gele
  • saft
  • i marinaden til t.d. viltkjøt
  • til graving av vilt, t.d. reinsdyr

granskuddsirup1.jpg

Vår favoritt er å bruke granskuddsirup på vaniljeis med fersk ananas og jordbær. Legg gjerne alt lag på lag. Dette meiner ungane om granskuddsirup:

«Søtt og godt, på ein litt rar måte»

«Søtt først, så litt syrlig, og til slutt med ein smak av skog»

«Så rart at det vi plukka i skogen plutseleg har vorte til noko som smakar så godt»

Om du vil lage granskuddsirup er det berre å ta beina fatt og finne nærmaste granskog!

 

 

 

 

 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Dessert, Frukt, Matauk, Søtt og godt | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *