Partymelon!

11 Flares Twitter 0 Facebook 11 Pin It Share 0 Filament.io 11 Flares ×
Print Friendly

Der er alltid gode grunnar til å spandere på seg ei aldri så lita feiring! I dag spelte frøken midtimellom fotballkamp og sigeren vart feira med melon proppfull av godsaker! Partymelon er også eit godt alternativ til tradisjonell fredagskos eller til godteposen i barnebursdagen. Det er enkelt å få ungar (og vaksne!) til å ete meir frukt på denne måten!

yoghurtveke5-1.jpg

Dette treng du:

1 galiamelon

1 klementin

1 pære

1/2 mango

bringebær

blåbær

Tine yoghurt naturell

yoghurtveke5-2.jpg

Slik gjer du det:

Del melonen i to og  bruk ei spiseskei for å ta ut frøa og alt det «fuktige» i midten. Skjær vekk ein liten del av botnen av melonen, slik at den ligg flatt mot tallerkenen. Lag eit fint mønster rundt kanten på melonen, ta ut noko av kjøtet. Skjære frukta i bitar, inkludert melonen du skar ut, og bland den godt. 

Legg frukt og yoghurt lagvis i den uthola melonen. Siste laget skal vere yoghurt. Den lett syrlege yoghurten er ein nydeleg konstrast til den søte og saftige frukta. Det er absolutt best å bruke yoghurt naturell til denne smaksbomba. 

Pynt med bringebær, blåbær og sitronmelisse.

yoghurtveke5-3.jpg

Til barneselskap kan du pynte med fine, små flagg. Om du lagar dette til vaksne, kan du godt slå ein god og fruktig likør på innsida av melonen før du fyller i med frukt. Til slutt kan du pynte med «partyeffektar» som små paraplyar etc. 

Finn noko å feire og la partymelonen sette stemninga! Du kan sjølvsagt bruke den frukta du måtte ha tilgjengeleg, eller du kan bruke fruktfavorittane dine! 

Innlegget er skrive som eit ledd i eit samarbeid med TINE Yoghurt. For meir yoghurt-inspirasjon sjå yoghurt.no


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bær, Dessert, Frukost, Frukt | Tagged , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *