Ein smoothie på morgonkvisten!
Å starte dagen med eit energikick gir deg mykje å gå på! Stå opp litt før dei andre, nyt stilla i heimen og kos deg med ein god frukost. Ein smoothie på morgonkvisten er ein slik frukost. Ein «dette skal mamma nyte heilt åleine»-frukost! Eg let meg stadig imponere over kor mykje godt ein kan lage av få ingrediensar og kor gode smakar du får når du brukar reine produkt.
Om du vil laga min morgon-smoothie treng du:
• ein stor neve frosne jordbær
• ein banan
• eit halvt beger Tine yoghurt naturell (ca 5 store spiseskeier)
Køyr dei frosne jordbæra i ein blender til passe most. Ha i bananen i store bitar og yoghurten. Køyr i blenderen til alt er most og du har fått ein fin konsistens utan klumpar. Slå rett i eit glas og nyt herlegheita og morgonen!
Det fine med denne smoothien er at den kan brukast på mange ulike måtar:
• et den som den er for å få eit energi-kick om morgonen
• slå den over frukostblanding eller havregryn
• sett den ei lita stund i frysaren og server den som softis, spander gjerne ein saus av gode bær over og pynt med sitronmelisse
• bruk tomme yoghurtbeger, fyll på med smoothie, stikk i ein ispinne og frys i 4-6 timar – VIPS, så har du ein herleg og naturleg is som du kan servere til både store og små
• jordbæra kan sjølvsagt byttast ut med andre bær du måtte like
Tusen takk til min gode kollega Bjørg som gav meg dette yoghurt-tipset!
Innlegget er skrive som eit ledd i eit samarbeid med TINE Yoghurt. For meir yoghurt-inspirasjon, sjå yoghurt.no.