Ein smoothie på morgonkvisten!

10 Flares Twitter 1 Facebook 9 Pin It Share 0 Filament.io 10 Flares ×
Print Friendly

Å starte dagen med eit energikick gir deg mykje å gå på! Stå opp litt før dei andre, nyt stilla i heimen og kos deg med ein god frukost. Ein smoothie på morgonkvisten er ein slik frukost. Ein «dette skal mamma nyte heilt åleine»-frukost! Eg let meg stadig imponere over kor mykje godt ein kan lage av få ingrediensar og kor gode smakar du får når du brukar reine produkt. 

yoghurtveke4.jpg

Om du vil laga min morgon-smoothie treng du:

• ein stor neve frosne jordbær

• ein banan

• eit halvt beger Tine yoghurt naturell (ca 5 store spiseskeier)

Køyr dei frosne jordbæra i ein blender til passe most. Ha i bananen i store bitar og yoghurten. Køyr i blenderen til alt er most og du har fått ein fin konsistens utan klumpar. Slå rett i eit glas og nyt herlegheita og morgonen! 

yoghurtveke4-1.jpg

Det fine med denne smoothien er at den kan brukast på mange ulike måtar:

• et den som den er for å få eit energi-kick om morgonen

• slå den over frukostblanding eller havregryn

• sett den ei lita stund i frysaren og server den som softis, spander gjerne ein saus av gode bær over og pynt med sitronmelisse

• bruk tomme yoghurtbeger, fyll på med smoothie, stikk i ein ispinne og frys i 4-6 timar – VIPS, så har du ein herleg og naturleg is som du kan servere til både store og små

• jordbæra kan sjølvsagt byttast ut med andre bær du måtte like

Tusen takk til min gode kollega Bjørg som gav meg dette yoghurt-tipset! 

Innlegget er skrive som eit ledd i eit samarbeid med TINE Yoghurt. For meir yoghurt-inspirasjon, sjå yoghurt.no. 

yoghurtveke4-2.jpg

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukost | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *