Laks med balsamicosirup

11 Flares Twitter 2 Facebook 9 Pin It Share 0 Filament.io 11 Flares ×
Print Friendly

Laks med balsamicosirup er ein lakserett frå Giada De Laurentiis si kokebok  «Weeknights with Giada» . Noko av det beste med denne retten er at den tar svært kort tid å lage. På under 20 minutt har du laga eit fantastisk godt måltid med ein liten eksklusiv touch som vil imponere gjestane dine! Eg har brukt salmalaks, men du kan sjølvsagt også bruke heilt «vanleg» laks. Om du brukar frossen laks, må den vere skikkeleg tint og romtemperert før du set den i omnen.

I løpet av dei 20 minutta skal du gjere dette (lurt å ha alle ingrediensane klar på førehand):

  • steike laks
  • lage balsamico-glasur (sirup)
  • koke ris
  • lage ein kjapp salat
  • dekke bordet

Dersom du har ungar i hus kan dei godt hjelpe til med fleire av desse oppgåvene. La dei gjerne få dekke bordet og gi dei rom for å vere kreative! Røynde minikokkar kan godt røre i balsamico-sirupen og dei kan godt lage salat. Eg likar at salaten ser litt rustikk ut, så om tomatbitane vert store og løkringane har ulik tjukkelse, så gjer det ingenting!

balsamicolaks

Dette treng du til laksen:

Nok laks til så mange som du skal servere (salmalaks eller vanleg laks), beinfri og skinnfri

2 ss olivenolje til å smøre laksen godt med

Salt

Grovkverna pepar

Dette treng du til balsamico-sirupen:

3/4 kopp balsamicoeddikk

2 ss lønnesirup (til nød kan du bruke vanleg sirup)

1 ss Dijonsennep

1-2 kvitløksfedd (finhakka)

Det første du må gjere er å lage klart alle ingrediensane til balsamicosirupen. Ha alt i ei panne slik at den er klar til oppkok. Lag til laksen og få den i omnen før du kokar opp sirupen.

balsamicolaks1

Slik gjer du det med laksen:

Legg laksen på eit steikjebrett. Smør den godt inn med olje. Strø over salt og grovkverna pepar.  Set den midt i steikjeomnen på 200 grader. Det vil variere kor lengje den skal steikje. Har du ein tynn filèt eller laks i skiver er det kanskje nok med 8-10 minutt. Har du ein litt større filèt må den kanskje steikje i 12-15 minutt.

Når du har fått fisken i omnen skal balsamico-sirupen koke inn.

balsamicolaks2

Slik lagar du balsamicosirupen:

Ha alle ingrediensane i ei lita panne. La sirupen få koke opp, rør heile tida.  Skru så ned varmen og la sirupen få putre forsiktig til den tjuknar, om lag 12 minutt. Medan sirupen kokar, vil du kjenne ei ganske distinkt lukt av eddik. Den lukta forsvinn og sirupen smakar slettes ikkje slik. Set panna tilside og la sirupen få kjøle seg ned.

Samstundes som at sirupen småkokar, kokar du ris. Bruk gjerne naturris eller jasminris. Dersom du kjøper blanda salat i pose, kan du fort lage ein fargerik salat som følge til maten; legg salaten på eit stort fat, legg over tomat i skiver eller båtar, litt løk i skiver, paprika, risle over litt olivenolje og balsamicoeddik rett før servering. VIPS, så har du ein flott salat!

Laksen er ferdigsteikt når du ser at den flakar seg om du pirkar litt i den med ein gaffel. Ta ut laksen og legg den over på eit serveringsfat. Slå forsiktig over balsamico-sirupen. Bruk ei skei når du gjer dette. Til slutt tek du litt av sirupen på skeia og rislar litt rundt kantane på fatet.

balsamicolaks3

No har du ein fiks, ferdig middag som garanatert vil imponere gjestane! Dersom du passar godt på laksen medan den steikjer, så slepp du at den vert for tørr. Laksen skal vere saftig og god.

Heimesida til Giada De Laurentiis finn du her.

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kokebøker, Middag - fisk | Tagged , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *