Ein sprø start på dagen!

7 Flares Twitter 0 Facebook 7 Pin It Share 0 Filament.io 7 Flares ×
Print Friendly

Av og til blir eg lei av brødskiver med pålegg eller ost. Særleg om morgonen når alt skal gå fort og matlysta ikkje er på topp. Løysinga for meg er då eit sprøtt knekkebrød med yoghurt naturell, pistasjenøtter og akasiehonning. Ein sprø start på dagen er supert! 

yoghurtveke3-1.jpg

Til ein god og sunn frukost treng du:

2 knekkebrød

4-6 ss Tine yoghurt naturell

ein god neve pistasjenøtter utan skall

flytande honning

yoghurtveke3-3.jpg

For å få ein litt fastare konsistens på yoghurten, set eg eit kaffifilter i ei lita skål og har i yoghurten. På denne måten får noko av væte renne av. Skrell og hakk pistasjenøttene medan du ventar på at yoghurten skal verte klar. 

Smør yoghurten på knekkebrøda, strø over pistasjenøttene og risle over flytande honning. 

Dette er garantert ein god start på dagen og held deg mett lenge. Det litt salte knekkebrødet, den søte honningen og den syrlege yoghurten er gode smakskombinasjonar. Om du ikkje er så glad i knekkebrød kan du godt bytte det ut med rista skiver av grovbrød.

Innlegget er skrive som eit ledd i eit samarbeid med TINE Yoghurt. For meir yoghurt-inspirasjon, sjå yoghurt.no

yoghurtveke3.jpg

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukost | Tagged , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *