Karamellisert fersken med yoghurt og nøttedryss
Når vårsola varmar kjem lengten etter sommar. Dei varme, lange og gode dagene kan ikkje kome raskt nok. Medan ein ventar kan ein unne seg sjølv ein god lunsj eller dessert som smakar av sommar og sol! Karamellisert fersken med yoghurt og nøttedryss tar kort tid å lage og smakar nydeleg godt.
Dette treng du til ein porsjon:
2 halve fersken
1-2 ts brunt sukker eller demererasukker
2 ss Tine yoghurt naturell
2 ts grovhakka hasselnøtter
flytande honning
Om du er heldig og får tak tak i fersk fersken, deler du dei i to og tek ut steinen. Dei hermetiserte brukar du som dei er. Klapp dei tørre med eit papir og legg dei med snittflata opp i ei eldfast form. Dryss over demererasukker eller brunt sukker.
Sett den eldfaste forma under grillen i steikeomnen. La ferskenen få stå til du ser at sukkeret har karamellisert seg. Ta ut når passe steikt og la dei kjøle seg litt ned før du legg dei på eit serveringsfat.
Legg ei spiseskei yoghurt på toppen av kvar fersken. Dryss over nøttene og avslutt med å risle over litt flytande honning.
Server til gode venninner, til kjærasten, til ein hyggeleg nabo eller ta med retten ut og nyt den for deg sjølv i solveggen!