Med ost i kvar ein sving

17 Flares Twitter 1 Facebook 16 Pin It Share 0 Filament.io 17 Flares ×
Print Friendly

Det blir ofte litt matrestar i påska. Restemat er supert om du vil ha ein god, men rask lunsj. I dag får du eit enkelt tips på korleis du raskt kan lage ostesnurrar som passar til påskelunsjen og matrestane. Eg har kalla snurrane for «Med ost i kvar ein sving», for hovudingrediensen i snurrane er sjølvsagt ost. I utgangspunktet bruke kva som helst slags ost, men det passar likevel best med ost som smakar litt. Eg har brukt cheddar og parmesan denne gongen, men du kan like gjerne bruke ulike osterestar som du måtte ha liggande.

ostesnurr

Dette treng du:

8,5 dl kveitemjøl

3,5 dl lunka vatn

1 ts salt

div tørka krydderurter – ta det du likar

vellagra cheddar

parmesan

ostesnurr1

Slik gjer du det:

Lag gjærdeig på vanleg måte: ha mjøl i ein bolle, bland i gjær, salt og krydderurter. Slå i vatnet til slutt. Elt godt. Set deigen til heving på ein lun plass, gjerne ein time.

Ta den ferdigheva deigen og bak den ut til ein rektangulær leiv .Bruk litt mjøl når du kjevlar ut. Når du har fått deigen så tynn som du vil, raspar du over cheddar og parmesan. Bruk så mykje som du vil; eg likar best at det blir eit raust lag med ost! Rull saman og skjær 1 cm tynne skiver som du legg på eit bakepapirkledd bakebrett.  Set til heving i ca 1/2 time.

Steik på ca 230 grader i 12-15 minutt. Sjå etter undervegs. Ostesnurrane skal vere gylne og fine.

ostesnurr2

 

Når ostesnurrane er ferdigsteikte legg du dei til avkjøling på ei rist. Server snurrane lune eller putt dei i sekken og spar dei til påsketuren! Dersom du vil ha ein annan smak i tillegg til osten, kan du smøre eit tynt lag med pesto før du raspar over osten.

Denne oppskrifta er frå arkivet og vart første gang publisert på bloggen min påska 2013. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Pizza, Smårettar | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *