Langtidssteikt lammelår

23 Flares Twitter 1 Facebook 22 Pin It Share 0 Filament.io 23 Flares ×
Print Friendly

KJØT SOM SMELTAR I MUNNEN!

Lammelår høyrer heilt klart påska til og der er mange måtar å tilberede lammelåret på. Min måte er å langtidssteike låret. Ein kan anten steikje det på lav temperatur heile natta, eller gjere det slik som eg anbefaler i denne oppskrifta. Då får du eit utruleg mørt og saftig kjøt som smeltar i munnen!

PS! Om du vil ha tips til ein kald saus til lammet, sjå denne videoen som «På kjøkkenbenken»-dama har spelt inn i lag med matprat.no

lammelår

Slik steikte eg lammelåret – STEG FOR STEG!

1. Eg stod opp tidleg om morgonen tok lammelåret ut av kjøleskapet for å romtemperere det. Det fekk ligge på benken i to timar.

2. Etter to timar sette eg steikeomnen på 60-70 grader.

3. Eg stakk eit digitalt steiketermometer inn i den tjukkaste delen av låret og så la eg låret i ei god form og sett rett inn i omnen. Det digitale termometeret vart stilt inn på 68 grader.

4. Etter 1 1/2 time hadde eg i 2-3 dl rødvin i forma, i lag med ein heil kvitløk (delt i to, men framleis med kvitløksbåtane inne i skalet), to skrella løkar, delt i rause bitar,  fire gulrøter delt i store bitar,  nokre store bitar med sellerirot og sjølvsagt 2-3 kvistar rosmarin.

5. No fekk lammelåret kose seg i omnen i mange timar. Midtvegs i steikinga tilsette eg ca 7 dl med kraft. Då brukte eg vatn som eg hadde tilsett kalvefond (du kjøper det på butikken). Eg sette lammelåret i omnen klokka halv ni om morgonen og det nådde ikkje rett kjernetemperatur (68 grader) før klokka åtte om kvelden – altså 10 1/2 time!!!

6. Då drog eg ut termometeret og skrudde omnen på 225 grader varmluft. Så fekk låret stå slik og brune seg litt medan eg silte krafta og tok vare på den. Gulrøter, sellerirot, løk og kvitløk vart kasta.

7. Medan låret låg i tørr form i varmlufta, snudde eg det nokre gongar for å få fin bruning på heile låret.

8. Etter om lag 20 minutt hadde låret fått perfekt bruning og eg tok det ut. Så pakka eg det godt inn i to lag med aluminiumsfolie og la det under eit klede for å kvile i 25 minutt. Det er svært viktig at kjøtet får kvile før du skjær i det. Medan låret kvilte på benken, sette eg inn dei fløtegratinerte potetene, grønsakene og laga sausen.

lammelår1

For å rekke å gjere ferdig dei fløtegratinerte potetene og dei omnsbakte grønsakene på den tida det tek å kvile lammelåret, så må ein del lagast klart på førehand.

Slik laga eg dei fløtegratinerte potetene:

1. Skrell nok poteter og skjær dei i passe tjukke skiver. Kok dei lett møre i vatn, slå av vatnet, damp dei litt før du heller dei over i ei stor, eldfast form. La forma stå på benken.

2. Slå to pakkar kremfløte i ei panne, ha i salt og pepar. Skrell fire fedd kvitløk og finhakk dei. Ha kvitløken i fløten.

3. La fløten få koke opp medan du rører godt. Fløten er klart til å slå over potetene etter at den har kokt opp.

Tips: rasp ein god cheddar over potetene før du slår over den varme fløten. Ver raus! Det gir ein utruleg god smak til potetene! 

4. Når du har slått den varme fløten over potetene kan dei stå på benken heilt til du skal setje dei i omnen.

 

Slik laga eg dei omnsbakte grønsakene:

1. Skrell 4-6 gulrøter, 1-2 purreløk og ei passe stor sellerirot. Bruk gjerne andre grønsaker som du meiner måtte passe.

2. Kutt alt i rause bitar og ha i ei panne. Kok opp til dei er så vidt møre.

3. Slå grønsakene over i ei eldfast form, gjerne i lag med litt feitt/sjy av lammet. Dersom du ikkje har det, kan du bruke ein klatt meierismør.

4. No kan grønsakene stå på benken heilt til dei er klare å setje i omnen i lag med dei fløtegratinerte potetene.

 

Slik laga eg sausen:

1. Eg tok all sjya som eg hadde silt av tidlegare og slo den i ei panne.

2. Du kan anten bruke sjya som den er, eller tilsette litt Maizenna om du vil ha sausen litt tjukkare. Eg blanda ut Maizenna i eit glas med kaldevatn og slå det i den kokande sausen til eg fekk den konsistensen eg ville.

3. Medan sausen kokte justerete eg smakane og tilsette litt meir salt og litt lammefond. Det må vere god og kraftig smak!

4. Sausen er klar til servering når du er nøgd med smaken!

lammelår2

Skjær opp lammelåret rett før du tek potetene og grønsakene ut av omnen. Legg kjøtet på eit serveringsfat, pynt med fersk rosmarin og dekk til med aluminiumsfolie. Ta ut potetene og grønsakene og sett dei på på bordet i lag med lammet. Langtidssteikt lammelår har vorte ein favoritt her i huset og skrytet vil ingen ende ta når denne retten står på bordet!

Server gjerne ein god vin til lammet, sjå vinanbefaling under.

Vinanbefaling til lammelår:

  • Da Luca Primitivo Merlot 2011 (Preg av raude bær og urter. Varm ettersmak). 
  • Monte Antico 2007 (Preg av raude bær, lakris og grøne urter. Rustikk stil og fast ettersmak). 

Vi valgte Monte Antico til lammet denne gongen og var godt nøgd med den!


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *