Kanelsnurr med påskekryss

13 Flares Twitter 0 Facebook 13 Pin It Share 0 Filament.io 13 Flares ×
Print Friendly

I England blir det ikkje påske utan «Hot Cross Buns». Dette er krydra bollar med rosiner eller sultanar, og skal i følge tradisjonen etast på langfredag i påska. Då eg ikkje er så glad i rosiner i bakst, laga vi vår heilt eigen variant som vi kalla kanelsnurr med påskekryss. Dette er supergod bakst å putte i påskesekken!

påskekanelbolle.jpg

 

Du treng:

  • verdens beste bolledeig; klikk her. (nok til ca 40 bollar)
  • sukker og kanel
  • mjukt meierismør
  • kjevle
  • melis og mjølk

Slik gjer du det:

  • del deigen i så mange emne som du vil ha
  • trill emna til bollar
  • kjevle ut kvart enkelt emne, rundt eller ovalt – alt går an
  • smør på mjukt meierismør og dryss med sukker og kanel
  • brett inn kantane (langsidene) slik at du får eit rektangel
  • ha på litt smør på deigoverflata
  • brett så inn dei to andre sidene slik at dei møter kvarandre midt på
  • trykk skøyten lett saman
  • du har no fått ein slags firkant, snu den slik at den glatte flata kjem opp
  • bruk ein skarp kniv og skjær eit kryss på toppen
  • sett på bakebrettet til heving
  • gjer det same med resten av bollane
  • steik på 250 grader i ca 12 minutt, pass på undervegs, dei må ikkje bli brent!
  • avkjøl på rist
  • lag glasur av melis og mjølk, risle over bollane
  • SERVER!

påskekanelsnurr1.jpg

 

Om du vil ha bollane til å likne på dei engelske med kvitt kryss over midten, må du sjølvsagt gjere deg flid med glasuren. Eg hadde ivrige små hender til å hjelpe meg, så det vart ikkje akkurat kryss på mine bollar! Eine brettet vart også litt for godt steikt, men det er sånt som skjer når mykje skjer på ein gong! 

Om du vil lese meir om «Hot Cross Buns» kan du klikke her


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *