Berrylicious buns

9 Flares Twitter 1 Facebook 7 Pin It Share 1 Filament.io 9 Flares ×
Print Friendly

I dag og i morgon kjem oppskrifter på herlege ting å putte i sekken når du smører ski og gjer deg klar for påsketur, eller om du skal ta med deg stort og smått og nyte gode påskedagar ved sjøen. 

Ein kveitebolle full av gul og herleg vaniljekrem og søt og god bringebærsylte er det vi kallar «Berrylicious buns» heime hos oss! 

solbolle.jpg

Du treng: 

  • ei god bolleoppskrift: bruk gjerne denne – den supraste bolleoppskrifta eg har!
  • vaniljekrem: kjøp ferdig i butikken eller klikk her for å bruke grunnoppskrifta til skjønne Anne Brith i Villa Perlesukker
  • bringebærsyltetøy (eller søte, ferske bringebær)

Slik gjer du det:

  • Etter at bollane har etterheve brukar du peikefinger og langfinger og lagar store, gode hol midt i bollen.
  • Legg i ei lite skei syltetøy eller eit ferskt bringebær.
  • Dekk til med herleg vaniljekrem.
  • Pensle kantane med egg om du vil (eg bryr meg ikkje med det)
  • Steik bollane på 250 grader i ca 12 minutt. Sjå på dei undervegs, kanskje treng dei litt lenger tid. Dei skal bli passe gylne og fine.
  • Lag glasur til å risle over bollane før servering.
  • NB! Om du et bollane medan dei framleis er varme, så må du vere merksam på at syltetøyet er ganske varmt. Små barn kan lett brenne seg. Det beste for bollane og bollespisarane er at dei får kjøle seg litt ned!

solbolle2.jpg

Sjølv dei minst flinke på ski, dei lataste, dei umotiverte og dei treigast set fart opp bakkane når slike bollar ventar i ryggsekken! Ha ein fin dag der du er!

 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *