Smakfulle brød – grunnoppskrift

8 Flares Twitter 1 Facebook 7 Pin It Share 0 Filament.io 8 Flares ×
Print Friendly

Eg er stadig på jakt etter den ultimate brødoppskrifta. Når ein har ei god grunnoppskrift er det nesten ikkje grenser for kva ein kan eksperimentere med av ingrediensar og tilsettingar i brødet. Som lærar i faget mat og helse opplever eg at mange elevar ikkje et heimebaka brød. Det kan sjølvsagt vere mange grunnar til at folk ikkje bakar brød, men ofte er det tidsfaktoren som er avgjerande. Mange meiner dei ikkje har tid til å bake brød. Det tek faktisk ikkje så lang tid å bake sitt eige brød, men du må vere til stades under prosessen. I dag får du smakfulle brød – grunnoppskrift med meg, som gir rom for eksperimentering.

Brød.jpg

GRUNNOPPSKRIFT, GROVBRØD (3 brød)

28 dl mjøl

12 dl væske

2ss honning

2 ts salt

50 g fersk gjær

 

Innanfor desse rammene har eg eksperimentert på følgande måte:

12 dl kveitemjøl (hald tilbake 2 dl av mjølet som du kan spe med dersom deigen er for blaut)

5 dl sammalt spelt (steinmalt)

4 dl sammalt havremjøl

2 dl havregryn

3 dl brøblanding (linfrø, sesamfrø, solsikkefrø, graskarkjernefrø)

4 dl rømme/creme fraiche (eg brukte restar eg hadde i kjøleskapet, du kan også bruke mjølk)

8 dl vatn

2 ss honning

1 ts salt

Når det gjeld blandingsforholda til mjøl, så kan du i grunnen bruke dei mjølsortane du vil. Som ein tommelfingerregel bør 10 dl vere kveitemjøl. Utover det kan du blande og mikse som du vil. 

PS! Vi er så heldige at vi har ei mylne i nabokommunen, som leverer mjøl til butikkane i nærområdet. Speltmjølet og havremjølet eg har brukt er med andre ord svært kortreist! På «Mylna» si heimeside finn du både spennande oppskrifter og informasjon om historia deira. 

Slik gjer du det:

  • Sett omnen på 250 grader, over- og undervarme.
  • Ha alle dei tørre ingrediensane i ein bakebolle, men hald tilbake 2 dl av kveitemjølet. Dette mjølet brukar du til å justere deigen undervegs dersom den blir for laus. Bruk gjerne kjøkkenmaskin.
  • Varm opp vatn og mjølk/rømme til fingervarm temperatur. Løys opp gjæra i væske og ha i honningen. Bland godt.
  • Slå væska over i det tørre, bruk kjøkkenmaskin og bland godt. For eit godt resultat er det avgjerande at du brukar god tid på å elte deigen.
  • Dekk deigen med plast og eit lunt klede og la den heve til dobbel storleik. Unngå at deigen står kjølig eller i trekk.
  • Del den ferdigheva deigen i tre like store emner. Kna kvart emne og rull til fine brød. Legg i smurt brødform.
  • Pensle brøda med kaldt vatn og strø over ei blanding av ulike frøsortar.
  • Dekk med eit klede og la dei heve på benken til dobbel storleik.
  • Steik på rist nederst i omnen på følgande måte: 25 minutt på 250 grader, skru så ned til 150 grader og steik i 25 minutt, til slutt skrur du opp att til 250 grader og steikjer i 10 minutt på berre undervarme.
  • Ta brøda ut av formene og legg dei til avkjøling på rist. Dekk med eit klede.

Brød1.jpg

 

 

 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Smakfulle brød – grunnoppskrift

  1. Vibeke sier:

    Hei!
    Går det greit å knuse/kjøre frøene med kjøkkenmaskin før man har dem i deigen, for å slippe «klumper i brødet»?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *