Påskefavorittar frå bloggfavorittar!

12 Flares Twitter 1 Facebook 11 Pin It Share 0 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

Eg er så heldig å få vere i matprat.no sin «bloggegjeng»  i lag med sju andre dyktige matbloggarar. I dette innlegget presenterer eg påskefavorittar frå bloggfavorittar; det vil seie at eg har funne fram oppskrifter i arkivet til dei gode bloggkollegane mine. Desse herlege rettane blir heilt sikkert å finne på kjøkkenbenken min i løpet av påska! Håper du finn noko du likar! Alle bileta er lånt frå dei respektive sine bloggar.

Trines matblogg

Trine

 

Alle kjenner Trine og bloggen hennar. Å få vere i det gode selskap i lag med Trine er ei sann glede! Blant påskefavorittane sine kan Trine friste med marrokansk lammegryte med raude linser. Dette er ei gryte full av varme, gode krydder som i lag med lammet blir fantastisk godt. Super mat på påskebordet!

Enestående mat

Anne Cathrine

 

Anne Cathrine er ei fargerik og flott dame som er mykje på reisefot. På turane sine plukkar ho opp mykje inspirajson til matlaging, som f.eks. denne retten her; kyllingtagine med dadlar. Tagnie er ei slags terrakottagryte med karakteristisk lokk. Eg skal lage dette i påska, men i mangel på ei ekte tagine skal eg bruke Le Creuset-gryta mi!

Lars spiser – oppskrifter og matgleder!

Lars

 

Mannen til ei venninne av meg har nettopp vore i Lofoten og fiska skrei, og eg var så heldig å få ein pakke skrei frå henne. Då må sjølvsagt Lars si himmelske oppskrift, skrei i ukjent farvatn,  prøvast ut. Lars, som heilt sikkert ville ha sagt at dette er «sykt digg mat, ass!», er ein meister til å komponere rettar med spennande smakar. Eg likar godt tanken på skrei kombinert med oliven, kapers, kvitløk, cherrytomatar og mykje meir. Eg gler meg til å lage dette!

Minmiddag.no

Ingunn

Det ser ut til å verte surt og kaldt påskevèr på Sunnmøre, og då kan det vere godt med ei varmande suppe etter ein lang dag ute i regnet. Ingunn er oppteken av gode og sunne råvarer, og Tom Ka Gai-suppa hennar er skikkeleg comfort food på sure og kalde dagar! Ingunn er også superflink med babymat, så om du har søte, små heime må du absolutt besøke bloggen hennar!

Hobbykokken

Olav

 

Du må aldri vere i tvil når du besøker bloggen til Olav; alt han legg ut er nøye utprøvt og smaksprøvt. Olav er perfeksjonist og gjer ingenting halvvegs! Difor gler eg meg til å teste ut Olav si fantastiske snickersterte. Ein må kunne unne seg litt ekstra søtt og godt i påska, og då er eg heilt sikkert på at snickersterte vil slå godt an i heimen!

Villa Perlesukker

Anne Brith1

 

Anne Brith er kakebakespesialisten i gruppa vår! Det er heilt utruleg kor mykje godt ho klarer å trylle fram! I tillegg til at alt ho lagar ser fantastisk flott ut, så er ho oppteken av å bruke natrulege og gode råvarer. Eg har konfirmant om nokre veker, og då må eg sjølvsagt prøvebake litt i påska. Anne Brith si iskake med molter skal vere dessert 1. påskedag, og om eg lukkast med den skal eg også lage den til eldstemann sin konfirmasjon.

Foralldel

Zaid

 

Eg kjenner ingen som er så glad i sjokolade som min gode matbloggkollega Zaid! Han klarer å trylle fram dei lekraste rettar med sjokolade og det er difor eg veit at Zaid si oppskrift på sjokoladefondant er fullkomen og perfekt! Å avslutte eit godt påskemåltid med ein sjokoladedessert er prikken over i`en, spør du meg! Sjekk ut Zaid sin blogg for mange andre sjokoladeoppskrifter!

Om du vil ha fleire tips til herleg påskemat, vil eg anbefale ein tur innom matprat.no sine påskesider! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Gjestebloggar | Tagged , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *