Nigellakake

19 Flares Twitter 0 Facebook 19 Pin It Share 0 Filament.io 19 Flares ×
Print Friendly

Gode ting kan ikkje seiast – eller etast for ofte! Eg fekk ein e-post frå ein lesar som ville ha Nigellakake i ønskereprise på bloggen! Og det er heilt klart eit ønske eg kan innfri! Dette er ei super kake å servere i påska! Lag gjerne ein liten påskevri på pyntinga eller erstatt litt av væska i sjokoladesirupen med appelsinsaft!

Denne kaka heiter eigentleg ikkje «Nigellakake», men «Firedobbel sjokoladeformkake», som er litt vansklegare å hugse. I alle fall for desse ungane som stadig masar og vil ha «den kaka som er så god, veit du, som du har så masse sjokolade i og som er i ei sånn der form, veit du»-kake. Då passar det betre å kalle den Nigellakake. For det er sjølvaste Nigella Lawson som deler denne oppskrifta i boka «Nigellas fest» (sjå nederst i innlegget for meir info om boka).

Du lagar røra til sjokoladekaka fyrst og medan den steikjer koker du ein sirup som du skal slå over kaka når du tek den ut av omnen.

Du lagar røra til sjokoladekaka fyrst og medan den steikjer koker du ein sirup som du skal slå over kaka når du tek den ut av omnen.

Dette treng du til kaka:

200 g kveitemjøl

1/2 ts natron

50 g bakekakao

275 g sukker

175 g mjukt, usalta smør

2 egg

1 ss vaniljeessens (eller ekstrakt, om du har)

drøyt 3/4 dl seterrømme

1 1/4 dl kokande vatn

175 g melkesjokolade i bitar

nigellakake1

 

Til sjokoladesirupen treng du:

1 ts bakekakao

1 1/4 dl vatn

100 g sukker

Lag gjerne dobbel porsjon, slik at du har litt sirup til å evt pynte kakafatet med.

nigellakake3

 

Slik gjer du det:

Leit fram alle ingrediensane i god tid slik at dei får romtemperatur. Set steikeomnen på 170 grader og kle ei stor brødform (2 liter) med bakepapir som dekker både botnen og kantane.

Ha alle ingrediensane, med unntak av det kokande vatnet og den hakka mjølkesjokoladen,  i ein foodprosessor (bruk kniven som høyrer til og ikkje kakevispen). La den køyre til røra er glatt, fin og mjuk. Slå så i det kokande vatnet medan du køyrer foodprosessoren i sakte fart. La alt blande seg. Løft av bollen og rør i sjokoladebitane. Ha i den bakepapirkledde forma og set den i omnen. Steik i ca 1 time.

Når det er 30 minutt att av steikjetida, lagar du sjokoladesirupen. Det er enkelt: ha alt i ein bolle og kok opp. La koke på middels varme til den får sirupskonsistens. Ikkje la den koke for lenge, for då blir den så seig at den ikkje trekk godt nok ned i kaka og berre blir liggande på toppen som eit lokk.

Når kaka er ferdigsteikt tek du den ut og set forma på ei rist. Prikk den med ein gaffel, gjerne ein tranchergaffel med lange, spisse tindar. Ver raus med prikkinga; sirupen skal nemleg trekke ned i alle desse hola! Slå sirupen over kaka når du er ferdig å prikke den. Dekk kakeforma med aluminiumsfolie og gjerne eit lite handkle. La kaka stå kaldt, gjerne natta over slik at alle smakane og konsistensane får sette seg.

nigellakake5

 

Nigellakaka kan serverast på mange måtar:

  • skjære den i passe tjukke skiver og server med kruttsterk kaffi
  • Skjære den i små, kvadratiske bitar, legg ein klatt creme fraiche på toppen, pynt med bær
  • Skjær den i skiver og legg dei fint på eit fat, risle over creme fraiche eller seterrømme, strø med melis, rasp over mørk sjokolade og pynt med bær og sitronmelisse
  • Riv kakebitar til smular og ha over is. Risle over litt av sjokoladesirupen eller sjokoladesaus. Pynt med noko grønt.

nigellakakecollage-e1358097982844 (1)

 

Det er rart kor lekkert vi kan få det til å sjå ut med få og enkle virkemiddel. Ei enkel kake, t.d. brownie, kan brått verte til superstjerne på kakebordet om du fiffar den litt opp med friske bær, eit melisdryss, friske urter (sitronmelisse er supert som kakepynt) eller kanskje endåtil etande blomar.

nigellakake


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Kaker | Tagged , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *