Kanelbolle på ein snurr!

30 Flares Twitter 1 Facebook 27 Pin It Share 2 Filament.io 30 Flares ×
Print Friendly

Aller først kan det vere på sin plass med ein liten advarsel: med desse kanelbollane set du deg i fare for å verte den mest populære bakaren i nabolaget! Det er det vesle ekstra som gir desse bollane eit løft slik at dei skil seg ut frå alle andre kanelbollar du veit om! Eg må nok innrømme at dei er litt USA-inspirerte! 

kanelbollesnurr3.jpg

Utgangspunktet for kanelbollane er ei vanleg grunndeig for søt gjærbakst. Bruk gjerne ei grunndeig du er godt nøgd med, eller prøv denne:

Grunndeig for søt gjærbakst

150 g smør

7 dl mjølk

50 g gjær

180 g sukker

1-2 ts kardemomme

ca 1,2 kg kveitemjøl

Til fyllet:

romtemperert smør

sukker

kanel

Slik gjer du det:

Bland alle dei tørre ingrediensane.

Smelt smøret. Tilsett mjølk og varm opp til blandinga er fingervarm. 

Slå mjølka og smøret over i bollen med dei tørre ingrediensane og rør deigen godt saman. Haldt tilbake litt av mjølet, kanskje treng du ikkje alt, eller så treng du kanskje litt til. Bruk gjerne kjøkkenmaskin. Dekk deigen med plast og eit klede, sett på ein lun stad og hev til dobbel størrelse. 

Del deigen i to og kjevle kvar del til eit avlangt rektangel. Smør på romtemperert smør og dryss over sukker og kanel. Rull saman. Skjær i ca to cm tjukke skiver. 

kanelbollesnurr.jpg

Så kjem vi til det punktet der desse kanelbollane skil seg frå andre bollar:

Bruk gjerne aluminiumsformer (eingongs-emballasje) som du får tak i på daglegvarebutikken din, runde eller avlange. Til deigen min trengte eg tre avlange former. 

Smør formene med smør. Legg kanelbollane i formene, men ikkje for tett. Det må vere luft mellom dei slik at dei får heve og vekse seg saman. Dekk med eit klede og hev på ein lun stad i 30-40 minutt. 

Steik dei i omnen på 250 grader i ca 15 minutt. Sjå på dei undervegs og ta dei ut før dei blir for mørke. 

Med ein gong du tek dei ut av omnen skal du slå over melisglasuren. 

kanelbollesnurr1.jpg

Melisglasuren lagar du slik:

1 pk melis

like delar kaffi og mjølk (t.d. 3 ss kaffi og 3 ss mjølk)

Ha melisen i ein bolle. Bland like delar mjølk og kaffi i eit desilitermål. Du treng sikkert ikkje bruke alt du blandar, men må ha nok til at glasuren får passe tjuktflytande konsistens. Rør god til alt har blanda seg og glasuren er glatt og fin. Juster med meir melis eller meir kaffimjølk. Dersom du har lønnesirup kan du også ha det i blandinga. 

Slå raust med glasur over bollane med ein gong du tek dei ut av omnen. 

La bollane stå ei stund på benkeen og kjøle seg litt ned før du serverer. 

Det fine med å bruke eingongsemballasje, er at du kan dekke dei godt til med aluminiumsfolie og plast og sette dei rett i frysaren. Helst utan glasur, men det går også an å gjere det med glasuren på.

Eg lovar deg at dette vert populære bollar! N Y T !

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Søtt og godt | Tagged , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Kanelbolle på ein snurr!

  1. gro johansen sier:

    Hei tittet innom i dsg og ble fristet her inne med mange gode oppskrifter og når vi har uvær og ikke bedre da enn og bake litt.så disse kanelsnurrene frista og prøve pg brødoppskrifta.Så her blir og titt innom og prøve på flere oppskrifter og ha en fin dsg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *