Wrap med grava reinsdyr
Vilt og jordnært
Etter inspirerande dagar matprat.no-kjøkkenet i haust, har det vorte mykje graving av kjøtt på kjøkkenbenken heime hos oss. Det meste av kjøt kan gravast, men reinsdyr har vorte ein favoritt. Om du vil lese meir om korleis du kan grave kjøt, finn du framgangsmåte og gode oppskrifter her.
God laurdagssnacks
Her er eit godt tips om du treng inspirasjon til noko godt å servere i kveld! Eg har brukt grava reinsdyrkjøt i denne retten, men du kan bruke alt slags fyll; spekeskinke, fenalår, speka reinsdyrpølse, gode skinker og mykje meir.
Wrap-rullane eg laga er fulle av gode, jordnære smakar. Eg brukte grava reinsdyrkjøt og fyllte på med jordnære, norske smakar; kremost med knust einebær, tyttebær, gulrot. I tillegg hadde eg vårløk og ruccola for å tilsette litt meir sterk smak.
Får å få rette smaken på kremosten, laga eg min eigen variant med knuste einebær – enkelt og veldig godt!
Dette treng du:
Tortillalefser
Philadelphiaost, naturell
Ein liten neve tørka einebær
Kjøt eller skinke
Vårløk
Gulrot
Tyttebær
Ruccola
Slik gjer du det:
Knus/finhakk tørka einebær (du får kjøpt krydderglas med einebær i alle daglegvarebutikkar) og bland med romtemperert Philadelphiaost. Smak deg fram til du får så mykje einebærsmak som du vil ha.
Skrell og vask gulrot og vårløk, skjær i fine strimlar.
Smør godt med kremost på tortillalefsa og fordel utover ruccola, vårløk, gulrot og kjøt/skinke. Dryss tyttebær over til slutt.
Rull saman og skjær i passe store snittar.
Server gjerne med ruccola, tyttebær og litt ekstra kjøt som garnityr.
Tilpass gjerne ingrediensane og lag wrap slik du likar det best. Dette er enkel og god “fingermat”. Om du vil servere eit godt glas vin til maten, trur eg ein Pinot Noir fra New Zealand vil passe godt. Vinane frå Cloudy Bay er gode til dette. Cloudy Bay ligg nord på Sørøya på New Zealand, eit stykke frå der eg budde for mange år sidan.
God laurdag til alle!