Berlinerbollar

84 Flares Twitter 2 Facebook 82 Pin It Share 0 Filament.io 84 Flares ×
Print Friendly

Berlinerbollar fylt med syltetøy eller vaniljekrem er typisk fastelavensmat. Det er kanskje kveitebollar med piska krem og melisdryss som er mest vanleg å lage, noko eg trur skuldast at mange synest det er litt skummelt å steike i smult.

Berlinarbollar er ikkje så vanskeleg å lage, men ein må så klart utøve varsemd når ein har smult i gryta.

berlinerbolle.jpg.jpg

Berlinarbollar – oppskrift (stor oppskrift)

2 dl mjølk

50 g gjær

8 ss smelta smør

2 egg

2 ss sukker

1 ts kardemomme

850 g kveitemjøl

2 pk Flott matfett

bringebærsyltetøy eller vanilijekrem til fyll

sukker til å rulle bollane i

Slik gjer du det:

Varm mjølka til den er fingervarm, 37 grader. Rør ut gjæra i mjølka og tilsett smelta smør, samanpiska egg, sukker, kardemomme og mjøl. Rør deigen lett saman. Set til litt meir mjøl om nødvendig.

Kjevle ut deigen til eit rektangel, ca 0,5 cm tjukt. Marker sirklar med eit glas på halvparten av leiven, legg på ei skei med syltetøy eller vaniljekrem og brett den andre halvparten over. Stikk ut bollane med glaset. Set bollane til heving i ca 20 minutt.

Medan bollane hever seg, varmar du oljen i ei gryte til ca 180 grader. For å teste om oljen er varm nok, kan du ha i ein brødterning. Den skal bli brun på 1 minutt om oljen har rett temperatur. Du kan òg sette nedi skaftet på ei tresleiv, då skal det raskt kome bobler rundt skaftet om oljen har rett temperatur. Du får prøve deg fram.

Ha bollane i den varme oljen, dei treng ca 3-4 minutt på å verte ferdige. Du ser på fargen når det er på tide å ta dei ut. Bruk ei hòlsleiv til å løfte dei ut med.

Legg dei på eit tørkepapir slik at litt av feittet vert sugd opp, rull dei så i sukker og legg dei til side på eit brett.

Om du ikkje vil fylle bollane med syltetøy eller vaniljekrem, så kan du berre rulle til vanlege, små bollar og steikje dei.

berlinerbolle2.jpg

Viktig å vite når ein steikjer i smult:

  • Ikkje bruk kjøkkenvifte! Om oljen skulle ta fyr, vil vi ikkje flammar skal verte sugd opp i vifta.
  • Ha alltid eit lokk eller eit steikjebrett ved sidan av gryta når du steikjer, slik at du raskt kan legg over om det skulle verte for varmt i oljen og ta fyr.
  • Ikkje legg i for mange bollar, då blir oljen kjølt ned.
  • Dersom det skulle piple ut syltetøy eller vaniljekrem, vil oljen frese. Ta i så fall ut bollane med ein gong.
  • La smulten få kjøle seg ned i gryta. Kast den i bosset når den har vorte hard. Ikkje slå flytande olje i vasken. PS! Du kan sjølvsagt bruke oljen fleire gongar, så spar den gjerne – kan stå nokre dagar.

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, Dessert, Søtt og godt, Ukategorisert | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *