Hot og spicy kyllingsuppe

16 Flares Twitter 1 Facebook 15 Pin It Share 0 Filament.io 16 Flares ×
Print Friendly

Onsdagssuppe

Eg klarer det ikkje kvar onsdag, men så ofte eg kan har vi «onsdagssuppe» heime hos oss. Tanken bak onsdagssuppene er at dei aldri skal vere basert på halvfabrikata, vi skal vere så mange som mogleg rundt bordet når vi et og det skal vere nye supper og smakar kvar gong. Det betyr at suppene vert laga etter «man tager hva man haver»-prinsippet og at storfamilien får invitasjon til middag. 

Sidan suppene blir til etterkvart, er det ikkje så lett for meg å skrive ned ei eksakt oppskrift. I dag vil eg dele litt inspirasjon til å lage ei hot og spicy kyllingsuppe som garantert smakar godt for både store og små. Eg deler lista med ingrediensar og så kan du sjonglere som du vil og bruke så mykje som du vil av kvar ingrediens!

suppehotogspicykylling

Ingrediensar

Gulrot

Purreløk

Løk

Kvitløk

Søtpotet

Fennikel

Chili

Pepperrot

Kyllingfilètar

Kokosmjølk

Fløte/matfløte

Salt

Pepar

Chilikrydder

Paprikapulver

Karri

Brekkbønner

Fersk koriander (eller korianderpaste)

Kyllingfond

suppehotogspicykylling1

Slik gjer du det

Skjær kyllingfilètane i mindre bitar og brun dei i smør/olje i ei steikepanne. La dei få fin og gyllen farge. Set panna til side når dei er ferdige. Kyllingen skal i gryta heilt til slutt.

Skrell alle grønsakene. Skjær løk, purreløk og fennikel i mindre bitar. Bruk den grove sida av eit rivjern og rasp gulrot, søtpotet og ein liten bit pepparrot. Finhakk chili og kvitløk. Ha alle grønsakene i ei gryte med varm olje og la dei surre til dei blir gylne og mjuke.

Slå i kokosmjølk og bruk stavmikar til å mose alle grønsakene. Spe suppa med ei blanding av fløte/kokosmjøl/vatn til du får den konsistensen du vil ha. La suppa få småkoke i 10-15 minutt.

Smak til med krydder (bruk dei som står i ingredienslista mi, eller ta det du meiner passar best). Ha i kyllingbitane og la suppa småkoke til dei har vorte gjennomvarme. Smak til med koriander og ha i brekkbønnene rett før servering – ver raus!

Server med kvitløksbrød eller naanbrød, dryss gjerne med grøne urter på toppen av tallerkenen.

Du kan sjølvsagt bytte ut ingrediensar med det du likar best, då brukar du berre dette som ei slags grunnoppskrift.

 

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Supper | Tagged , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *