Verdens beste bollar – faktisk!

13 Flares Twitter 0 Facebook 13 Pin It Share 0 Filament.io 13 Flares ×
Print Friendly

Første vinterferiedagen kom med sludd og regn og slike dagar er supre å bruke til bollebaking! For litt sidan fann eg ei bolleoppskrift på nettstaden «Det søte liv», som virka så spennande å lage. Vanlegvis brukar eg oppskrifta som har følgt meg i mange år, men det frista å prøve denne fordi den var litt «annleis». Kanskje er hemmelegheita at sukkeret er bytta ut med melis og at mjølk, smør og melis skal koke. Uansett, så vart det fantastisk gode bollar. Eg har endra litt på oppskrifta, men originaloppskrifta finn du her.

bolle1

Verdens beste bollar – grunnoppskrift, ca 40 bollar

1 liter mjølk

300 g smør

300 g melis

50 g fersk gjær

1 ts kardemomme

1,5 -1,7 kg hvetemel (hald att litt av mjølet, bruk om nødvendig)

1 egg til pensling

Slik gjer du det:

Kok opp mjølk, smør og melis. Avkjøl blandinga til den blir fingervarm, om lag 37 grader. Rør gjæra ut i væska. Bland i kardemomme og kveitemjøl. Elt deigen til den er smidig, bruk gjerne kjøkkenmaskin.

Trill ut bollane med ein gong. Legg dei på bakepapirkledde steikeplater. Dekk godt til og la dei heve lunt i ein time.

Pensle bollane med eit samanpiska egg og steik midt i omnen ved 250 grader i 7-10 minutt. I min omn må eg steike bollane i ti minutt. Dei er ferdige når dei har fått gyllenbrun og fin farge.

Avkjøl.

Dryss evt med melis før servering eller del i to og nyt dei med smør og godt pålegg eller ost.

bolle2

Det er snart fastelaven (2. mars) og då er denne oppskrifta super å bruke om du vil ha søte og gode fastelavensbollar.

bollar3

Tips:

  • Dersom du vil drysse bollane med melis før servering, kan melismengda i grunnoppskrifta med fordel endrast til 250 gram.
  • Del dei i to og legg på ei god skei piske krem og litt syltetøy.
  • Stikk ein finger midt ned i bollen når den er ferdigheva og fyll hòlet med mjukt smør blanda med sukker og kanel. Då får du det eg kaller for «kraterbollar» – supergodt!

bollarcollage


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig | Tagged , , , , , , , , , | 4 Kommentarer

4 Responses to Verdens beste bollar – faktisk!

  1. Tilbaketråkk: Berrylicious bunsPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  2. Tilbaketråkk: Kanelsnurr med påskekryssPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  3. MartheU sier:

    Idag skal eg prøve denne oppskrfta!:) Gleder meg!:D

    God påske frå Marthe!

    • Tove sier:

      Så kjekt, Marthe! Må får høyre kor det gjekk og om du likte bollane! God påske til deg og dei fine dine! Klem, Tove

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *