Heimelaga granola bar

41 Flares Twitter 2 Facebook 39 Pin It Share 0 Filament.io 41 Flares ×
Print Friendly

Brødskiver er ikkje alltid ein frukostfavoritt her i huset. Der er heldigvis mange gode alternativ til brød. Heimelaga granola bar er eitt alternativ. Proppfulle med fiber og næring gir dei energi nok til å starte dagen og halde magen mett og god til lunsj. granolabar2

Heimelaga «granola bar»

1 boks kondensert melk

250 g havregryn

75 g kokosmasse

100 g tørka tranebær eller rosiner

125 blanda frø (solsikke, graskarkjerne, sesamfrø etc.)

125 usalta peanøtter

Alternativ:

Dersom du ikkje kan bruke peanøtter pga nøtteallergi, så erstattar du den mengda med ei blanding av havregryn, kokosmasse, frø og evt tørka frukt – tilsaman 125 gram). Du kan også la vere å ha i tørka frukt om du ikkje likar det. Om du ikkje har nøtteallergi kan du kanskje du kan bruke hakka hasselnøtter i staden for. 

Om du vil ha litt meir smak kan du tilsette 1 ss honning i den varme mjølka. Om du ikkje er så glad i honning, men likevel vil ha ein beskjeden smak av litt søtt, så kan du tilsette 1 ss sirup i den varme mjølka. 

granolabar1

Slik gjer du det:

Varm opp steikeomnen til 130 grader. Leit fram ei lita langpanne (23×33 cm)  og kle den med bakepapir.

Varm opp den kondenserte mjølka i ei kasserolle. Den skal ikkje koke, berre verte god og varm.

Medan mjølka varmar seg blandar du alle dei andre ingrediensane i ein bolle.

Bland godt og tilsett den varme mjølka. Rør godt rundt med ein slikkepott.

Slå blandinga over i forma og trykk den godt ut over med slikkepotten. Glatt fint til på toppen.

Sett i omnen og steik i 1 time.

Ta forma ut av omnen og la stå på benken i 15 minutt. Så tek du tak i kantane på bakepapiret og løftar alt ut av forma. Del opp slik at du får 16 store bitar. Dersom du vil ha dei litt mindre, deler du dei i to ein gong til. Då får du 32 passe store bitar. Legg på ei rist og la bitane kjøle seg ned.

granolabar

 Lurer du på kva kondensert mjølk er for noko? Dette skriv melk.no på heimesida si: «Kondensert melk er helmelk som blir behandlet i vakuuminndamper for å få vekk en del av vanninnholdet uten at melkens kvalitet eller næringsverdi ble ødelagt. Dermed får man et mer transportvennlig produkt med lang holdbarhet. Den selges på boks i Norge under navnet Vikingmelk. Som et resultat av fordampningen blir melken fyldigere. Kondensert melk i den norske handelen er usukret, og har en lett karamellisert smak som fremkommer i produksjonsprosessen. I andre land selges også sukret kondensert melk, tilsatt ca. 15 % sukker.»

Om du vil lese meir om kondensert mjølk kan du klikke deg inn på Opplysningskontoret for meieriprodukt her.

Oppskrifta har eg funne på heimesida til Nigella Lawson. Forslaga til andre måtar å gjere det på er mine eigne. Her i huset kan vi t.d. ikkje bruke nøtter, så då måtte peanøttene byttast ut med noko anna. Og så er eg glad i smaken av honning, så då tilsette eg det. 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Allergivennleg mat, Frukost, Ukategorisert | Tagged , , , , , , , , , , , , | 5 Kommentarer

5 Responses to Heimelaga granola bar

  1. Ingunn Sigfrid Welle sier:

    Hei

    No har eg laga dei – eg brukte rosiner, litt aprikos og litt fiken og saa brukte eg ei blanding av hasselnoetter/valnoetter. Neste gong skal eg proeve med pistasjienoetter i blanding med usalta peanoetter. Eg hadde ikkje peanoetter i kveld.

    Det vart godt, men eg trur nok at neste gong vil eg bruke sirup i staden for honning – og kanskje to spiseskeier i staden for ei, for dei kunne ha vore soetare.

    Og saa trur eg at eg kanskje vil ha i litt nymalt kardemomme eller kanel (ikkje begge deler) neste gong.

    No har eg stabla dei i ein plastcontainer med papir mellom og lagt dei i kjoeleskapet. Eit godt og sunt mellom-maaltid!

    Kor lenge trur du dei held seg? Det er vel ikkje uendeleg i og med at det er mjoelk i dei?

    • Tove sier:

      Så kjekt at du har prøvt ut med spennande ingrediensar! Eg tenkjer at det er greit å bruke denne oppskrifta som ei basisoppskrift, og så kan ein smake til som ein vil. Når det gjeld haldbarheit, så treng vi sjeldan å bekymre oss for det her i huset! Dei har det med å forsvinne ganske raskt! Men om du har dei i kjøleskapet, så vil eg tru dei held seg i ei vekes tid i alle fall.

      Ha ein fin dag, Ingunn!

  2. Helene sier:

    Er det Vikingmelk du bruker her? Ikke den søte varianten av kondensert melk?

  3. Kathrine sier:

    Jeg lager disse gluten- og melkefrie. Knallgodt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *