Matåret 2013

6 Flares Twitter 0 Facebook 6 Pin It Share 0 Filament.io 6 Flares ×
Print Friendly

matåret2013d

2013 har vore eit smakfullt, fargerikt og innhaldsrikt år. Det har vore laga mykje god mat med gode råvarer, eg har prøvd meg på rettar eg aldri skulle tru eg ville like, der har vore nokre matflauser, ungane har fått nye favorittar, middagsgjestar har  kome og gått, nye oppskrifter har sett dagens lys og eg har late meg inspirere av gode matbøker. 

matåret2013

Det blir laga mykje mat på kjøkkenbenken min i løpet av eit år. Men der er òg dagar som er så hektiske at vi knapt rekk å ete. Der vi må ty til enkle middagsløysingar og det er slettes ikkje alt som er laga frå botnen av. Men uansett korleis matsituasjonen har vore, så har vi klart å glede oss over måltida. Mat smakar alltid godt når du kan dele opplevinga med andre. Og så handlar det av og til om å gjere sjølv den enklaste og minst heimelaga maten til noko særskilt. Kanskje kan ein piffe opp med ein heimelaga saus? Litt grøne urter? Eit ekstra spennande krydder? Og så er det alltid kjekt å sette ein fargerik salat på bordet i lag med maten. 

matåret2013a

Eg håper at eg gjennom matblogginga mi kan vere til inspirasjon for andre. Tusen takk til alle som sender meg e-postar, meldingar eller stoppar meg på butikken for å få middagstips eller gode råd. Eg håper dei trufaste lesarane mine vil følge meg inn i 2014 og at nye lesarar kjem til. 

matåret2013b

Om eg skulle få ynskje meg noko for det nye året, så må det vere tid. Eg vil ha meir tid til å lage god og næringsrik mat til meg og familien. Eg vil ha meir tid til å invitere andre på middag. Eg ynskjer meg tid til å lese meir matbøker og la meg inspirere til å forsøke nye rettar og oppskrifter. Eg vil ha meir tid til å lese andre sine bloggar. 

matåret2013c

Eg helsar til alle lesarane mine med ein biletkavalkade frå året som har gått. Måtte 2014 verte eit godt matår for oss alle! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ukategorisert | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *