Karameller
Romjulskarameller med pecannøtter og Maldonsalt
I tida før jul var det hektisk i kjøkkenbenk-heimen. Det var så vidt eg hadde tid til alle tinga eg måtte gjere og mykje vart difor forsaka. Heldigvis kan eg ta att det tapte i romjula, det har difor vorte litt ymse snacksproduksjon på kjøkkenbenken siste dagane. Heimelaga karameller er alltid godt.
Karamellene eg har laga i dag er etter inspirasjon frå min gode matbloggven Oda, med bloggen “Odas blogg”.
Dette treng du:
1 boks kondensert mjølk (du får kjøpt det på innvandrarbutikkar, må ikkje vere Vikingmelk)
120 g Tine meierismør
2 ss honning (reduser mengda om du ikkje er glad i smaken av honning)
150 sukker
1 dl fyll, t.d. pecannøtter, pistasjnøtter, peanøtter, mandlar etc. + litt maldonsalt
Slik gjer du det:
Ha kondensert mjølk, smør, honning og sukker i ein kjele og rør medan alt smeltar saman på svak varme.
Skru så opp varmen og rør medan blandinga kokar. La koke i 10-12 minutt.
Ha i fyllet (hakka) og slå blandinga over i ei bakepapirkledd form. Eg brukar brødform. La karamellene stå kaldt i kjøleskapet i minst fire timar.
Skjær opp i bitar når du serverer. Pakk dei gjerne inni cellofan eller matpapir!
Eg laga to variantar; ein naturell pga at ungane har nøtteallergi og ein med pecannøtter og Maldonsalt. Eg hadde litt salt i karamellblandinga rett før eg slo den over i forma, og så strødde eg litt salt forsiktig over etter at eg hadde hatt blandinga i forma.
PS! Om karamellene vert for mjuke og ikkje let seg skjære i bitar, så kan du alltids bruke karamellen på is! Den eg laga med pecan ser ut til å vere i litt flytande humør, så då blir det tilbehør til is i dag!