Karameller

8 Flares Twitter 1 Facebook 7 Pin It Share 0 Filament.io 8 Flares ×
Print Friendly

Romjulskarameller med pecannøtter og Maldonsalt

I tida før jul var det hektisk i kjøkkenbenk-heimen. Det var så vidt eg hadde tid til alle tinga eg måtte gjere og mykje vart difor forsaka. Heldigvis kan eg ta att det tapte i romjula, det har difor vorte litt ymse snacksproduksjon på kjøkkenbenken siste dagane. Heimelaga karameller er alltid godt.

Karamellene eg har laga i dag er etter inspirasjon frå min gode matbloggven Oda, med bloggen «Odas blogg».

karameller1

Dette treng du:

1 boks kondensert mjølk (du får kjøpt det på innvandrarbutikkar, må ikkje vere Vikingmelk)

120 g Tine meierismør

2 ss honning (reduser mengda om du ikkje er glad i smaken av honning)

150 sukker

1 dl fyll, t.d. pecannøtter, pistasjnøtter, peanøtter, mandlar etc. + litt maldonsalt

Slik gjer du det:

Ha kondensert mjølk, smør, honning og sukker i ein kjele og rør medan alt smeltar saman på svak varme.

Skru så opp varmen og rør medan blandinga kokar. La koke i 10-12 minutt.

Ha i fyllet (hakka) og slå blandinga over i ei bakepapirkledd form. Eg brukar brødform. La karamellene stå kaldt i kjøleskapet i minst fire timar.

Skjær opp i bitar når du serverer. Pakk dei gjerne inni cellofan eller matpapir!

karameller

Eg laga to variantar; ein naturell pga at ungane har nøtteallergi og ein med pecannøtter og Maldonsalt. Eg hadde litt salt i karamellblandinga rett før eg slo den over i forma, og så strødde eg litt salt forsiktig over etter at eg hadde hatt blandinga i forma.

PS! Om karamellene vert for mjuke og ikkje let seg skjære i bitar, så kan du alltids bruke karamellen på is! Den eg laga med pecan ser ut til å vere i litt flytande humør, så då blir det tilbehør til is i dag! 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Jul, Søtt og godt | Tagged , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *