Sjokoladeknekk

10 Flares Twitter 1 Facebook 9 Pin It Share 0 Filament.io 10 Flares ×
Print Friendly

Sjokoladeknekk med pecan og pistasj

Om ein blir invitert i middag til familie eller gode vener, er ei lita vertinnegåve eller eit bidrag til dessertbordet hyggeleg å ha med seg. Vi var i middag med foreldra mine i romjula og då laga eg ein superenkel dessertsnacks som vi tok med. Smelta sjokolade er hovudingrediens, med fin pynt og smakar av pecan og pistasj. Om du vil lage dette, så kan du sjølvsagt velge akkurat dei smakane du vil, eller ha sjokoladen heilt naturell. Eg likar best at der er litt «crunch»!

sjokoladeknekk

Dette treng du:

4 plater kvit sjokolade

1 plate lys kokesjokolade eller melkesjokolade

hakka nøtter, t.d. pecan og pistasj

fin kakepynt

(for framgangsmåte, sjå under bilete)

sjokoladeknekk1

Slik gjer du det:

Lag klar ei form, t.d. ei lita langpanne,  og dekk den med bakepapir.

Hakk opp nøtter og lag klart det andre du vil strø på sjokoladen.

Hakk opp den kvite sjokoladen. Ha halvparten i ei glasskål og smelt den på svak varme i mikroomnen. Kvit sjokolade er svært ømfintleg for varme, så eg lukkast best når eg smeltar den i mikro. Ta ut og rør i den fleire gongar undervegs.

Når den er passe smelta, har du i resten av sjokoladen og rører rundt. Då vil den hakka sjokladen smelte ned i den allereie smelta sjokoladeblandinga. Kanskje treng blandinga ei runde til i mikroen, men då må du framleis bruke svak varme og passe godt på!

Slå den smelta sjokoladeblandinga i den bakepapirkledde, vesle langpanna. Bruk slikkepott og spre blandinga godt utover. Strø over nøttene og kakepynten. La stå.

Knekk opp kokesjokoladen eller melkesjokoladen og legg bitane i ei skål. Smelt på lav/medium varme i mikroen.

Bruk ein gaffel og risle den smelta sjokoladen over den kvite sjokoladen i forma.

Sett kaldt i kjøleskapet til sjokoladen er skikkeleg stivna.

Skjær og/eller knekk opp den stivna sjokoladen og server!

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Dessert, Søtt og godt | Tagged , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *