Langtidssteikt svineribbe

17 Flares Twitter 1 Facebook 13 Pin It Share 3 Filament.io 17 Flares ×
Print Friendly

Svineribbe høyrer heilt klart jula til. Mange har svineribbe på julaftan, medan andre har det som romjulsmiddag. Den klassiske måten å tilberede svineribbe på blir nok aldri upopulær, men av og til kan det vere kjekt å prøve seg på litt andre variantar. Spanskinspirert svineribbe er ein populær variant her i huset, og den tørka og salta/krydra svineribba må serverast til pinnekjøtet om det skal verte jul. 

I dag deler eg oppskrifta på langtidssteikt svineribbe. Den skal steike i omnen i 24 timar – tru det eller ei! Resultatet er ei svineribbe som både har sprø svor og med kjøt som smeltar på tunga!

svineribbe2

Dette treng du:

1 tynnribbe/svineribbe

salt og pepar

3 gulrøter

4 fedd kvitløk

fersk timian

4 laurbærblad

Slik gjer du det – steg for steg:

Lag ruter i svoren og gni godt inn med salt og pepar. Det beste er om svineribba får ligge med salt og pepar natta over.

Sett steikeomnen på 180 grader.

Legg svineribba med svoren ned i ei langpanne, fyll på med kokande vatn til midt opp på ribba. Sett midt i omnen og steik i ein time. Ta svineribba ut og snu den rundt. Legg ein «ball» av aluminiumsfolie under ribba slik at den krummar seg. Ribba ligg no med svoren opp.

Skru omnstemperaturen ned til 78-80 grader og set ribba tilbake når omnen har gått ned til den temperaturen. Ribba skal no stå i omnen i ti timar. Den skal ikkje dekkast til.

Ta ut ribba når det har godt ti timar. Skrell kvitløksfedda og skjær dei på langs, legg dei på toppen av svoren. Legg  på rikeleg med fersk timian. Skjær gulrøtene i passe store bitar og legg dei i krafta i lag med laurbærblada. Sjå til at det framleis er vatn/kraft til midt opp på ribba.

Dekk forma med aluminiumsfolie og sett tilbake i omnen på 78-80 grader. No skal den steike i 14 timar.

Når ribba har steikt dei siste 14 timane, tek du den ut og legg den over i ei anna form. Ribba skal no ligge under press. Legg t.d. på ei brødfjøl og sett ei kasserolle med vatn på toppen.  Sett kaldt over natta. Om det ikkje passar, så kan du hoppe over dette steget, men resultatet blir absolutt best om du tek deg tid til denne lange avkjølinga. Sil av krafta og spar den til du skal lage saus neste dag.

Når ribba har fått stått kaldt natta over tek du den ut og kuttar den opp i serveringsstykker. Legg kjøtstykka i ei eldfast form. Sett i omnen på varmluft og 250 grader. La stå slik i 20 minutt. Slå så over på grill og la stå til svoren har bobla seg opp og vorte sprø. Det er viktig at du pasar på undervegs slik at ribba ikkje vert brent.

Lag gjerne ein saus til og bruk krafta som du har silt av.

Server ribba med gode grønsaker, poteter, surkål og saus. Om du vil ha oppskrift på heimelaga surkål, så finn du den her. 

svineribbe1

 

Det er to ting eg må få beklage;

– Bileta er diverre ikkje av tipp topp kvalitet i dag… Kameraet mitt har bestemt seg for å streike, så eg måtte bruke mobilkamera.

– Ein så god middag burde så absolutt serverast i lag med ferske, gode grønsaker – men vi hadde ikkje meir att i kjøleskapet! Då måtte vi ty til ein pose med frosne grønsaker, men det smakte ikkje så verst etter at dei hadde vorte smørdampa og salta litt.

svineribbe


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Jul, Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Langtidssteikt svineribbe

  1. Bente Aksnes sier:

    Denne oppskriften er bare super. Det ble sprø svor og en fantastisk god svineribbe. Enkel å lage. Jeg la den ikke i press. Kjøttet var mørt og fint og det ble god kraft til å lage saus på. En smaksopplevelse – anbefales.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *