Surkål og rødkål

12 Flares Twitter 0 Facebook 12 Pin It Share 0 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

Surkål og rødkål – tradisjonsrikt tilbehør

Surkål og rødkål er klassisk tilbehør til julemat. I Noreg brukar vi mykje surkål og rødkål som tilbehør til mat, og ikkje berre i jula. Sjølv om surkål og rødkål er lett å lage,  trur eg folk flest kjøper det ferdig på butikken. Det fine med å lage surkål og rødkål sjølv, er at ein får akkurat den smaken ein vil ha. Nokre vil ha det syrlegast mogleg, medan andre igjen er glade i det søte.

Hovudingrediensane er kvitt kål eller raudt kål, vatn, eddik, sukker, karve og litt salt. Utover dette kan ein variere med mange ulike smakar. Det er karve som gir surkål og rødkål den karakteristiske og velkjende smaken, men eg er litt på den forsiktige sida med det. Erfaring tilseier at ungane likar det best om det er litt mindre karve i.

Surkål 

surkål

  • 1 kvitt hovudkål
  • 1-2 ts karve (etter smak)
  • 2 ss sukker
  • 2 ss eddik (7%)
  • 1/2 ts salt
  • 3-4 dl vatn

Snitt hovudkålen fint. Om du ikkje får det til med kniv, kan du godt bruke ostehøvel.

Legg finsnitta kål og karven lagvis i ei kasserolle; legg i kål, dryss litt karve, meir kål og avslutt med karve.

Bland vatn, eddikk, sukker og salt. Slå blandinga forsiktig over kålet.

La kålet kokek 1/2 time med lokk. Sjekk undervegs at det ikkje kokar tørt. Tilsett meir vatn om nødvendig.

Ta så av lokket og kok 1/2 time til. All væska skal koke inn.

Surkålet er no klart til servering. Om du har restar, så kan dei fint frysast ned. Lag gjerne ein stor porsjon og frys ned slik at du har tilgjengeleg.

Rødkål

rødkål

 

  • 1 lite rødkål eller 1/2 stort
  • 1-2 ts karve (etter smak)
  • 1 grønt, surt eple
  • 2 ss sukker
  • 2 ss rødvinseddik
  • 1/2 ts salt
  • 1-2 ss flytande honning
  • 2 dl solbærsirup, konsentrat
  • 1-2 dl vatn

Snitt rødkålet fint. Om du ikkje får det til med kniv, kan du godt bruke ostehøvel.

Legg finsnitta kål, eple og karve lagvis i ei kasserolle.

Bland vatn, solbærsirup, eddikk, sukker og salt. Slå blandinga forsiktig over kålet.

La kålet kokek 1/2 time med lokk. Sjekk undervegs at det ikkje kokar tørt. Tilsett meir vatn om nødvendig.

Ta så av lokket og kok 1/2 time til. All væska skal koke inn.

Rødkålet er no klart til servering. Om du har restar, så kan dei fint frysast ned. Lag gjerne ein stor porsjon og frys ned slik at du har tilgjengeleg.

Det er viktig at du smakar litt undervegs, det gjeld både for rødkålet og surkålet. Det kan hende du vil tilsett litt meir eddik og vatn, eller solbærsirup. Kanskje du vil ha det meir søtt eller meir salt.

Både rødkål og surkål passar til alle typar kjøt, men høver særleg godt til all den gode maten vi et i jula.

Det er også vanleg å tilsette t.d. feitt frå svineribbe eller fåreribbe.

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Surkål og rødkål

  1. Tilbaketråkk: Langtidssteikt svineribbePå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *