Blings med egg og ost

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Med julehøgtida rett rundt hjørnet er det nok mange som tenkjer på mat i alle variantar. Det skal bakast, steikjast, kjevlast ut, osv. Mange planlegg julebuffètar, julefrukostar, koldtbord og festar med vener. I dag kjem eg med eit lite mattips som passar supert både til fest og til kvardags.

Eg kallar denne retten ein «titbit». Då eg budde i England gjekk vi ofte på små kafèar og tea houses og kjøpte små snittar og «titbits». Det er rett og slett ganske små porsjonar med mat som du et i ein jafs; ein liten munnfull!

Til denne herlege munnfullen kan du bruke restar du måtte ha liggande i kjøleskapet, men to viktige ingrediensar må med: egg og riven ost.

egg2

egg

Dette treng du, basisoppskrift:

4 egg

litt salt og pepar

1/4 stor løk, raud eller gul

riven ost til passe fast «røre»

Brødskiver, store eller små

Små tomatar

Så kan du tilsett andre ingrediensar om du vil, t.d.:

hakka skinke, paprika i små bitar, grasløk, vårløk eller andre ting du måtte like

Slik gjer du det:

Knekk fire egg i ein bolle. Tilsett ca 1/2 ts salt og dryss over pepar.

Hakk løk, skinke og evt andre ingrediensar du vil bruke.

Riv ost rett i røra, bruk gjerne restar du har liggande. Det er vanskeleg å seie kor mykje ost du skal bruke, men det må vere nok til at røra ikkje er så rennande. Den må vere litt fast.

Risle litt olje i botnen av ei eldfast form eller liknande. Legg brødet i forma. Bruk ei skei og legg litt røre på kvar skive.

Del tomatane i to og press dei lett ned i røra med egg og ost. Strø pittelitt salt på tomaten, gjerne Malodonsalt.

Steik i omnen på 225 grader til du ser at egget har sett seg og dei små blingsane får ein gyllen og fin farge. Mine står i ca 15 minutt.

Bruk små skiver og server dei på koldtbordet eller til forrett, eller du kan bruke store skiver og ete dei til frukost!

Pynt med grøne urter før du serverer. Oregano er min favoritt!

egg1


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Egg, Jul | Tagged , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *