Feel good-suppe med kylling

34 Flares Twitter 1 Facebook 33 Pin It Share 0 Filament.io 34 Flares ×
Print Friendly

Vi har starta ein ny tradisjon i «På kjøkkenbenken»-heimen; suppeonsdag! Då kokar eg ei stor gryte med suppe og så inviterer eg storfamilien på suppe. Første suppe ut var ei suppe med mykje chili, ingefær og kvitløk, noko som passa fint til den småforkjøla gjengen som sat rundt bordet. Vi var 15 store og små rundt bordet; akkurat slik kjøkkenbenkdama likar det! Om dei småsjuke vart friskare etter å ha ete suppe veit eg ikkje, men feel good-faktoren var i aller høgste grad til stades! Eg har teke utgangspunkt i ei oppskrift frå matbloggkollega Trine sin blogg og så har eg justert den etter  «man tager hva man haver»-prinsippet. 

Suppe, kylling

 

Feel good-suppe med kylling og sterke smakar (nok til ein familie på fem)

  • 1 løk, finhakka
  • 2 fedd kvitløk, finhakka
  • 1/2 chili, finhakka
  • 2 ss riven ingefær
  • 2 store eller 3 små gulrøter, grovt rive (bruk gjerne gulrøter i ulike fargar)
  • 1 grønt, syrleg eple, grovt rive
  • skall frå ein halv sitron, fint rive
  • 2 ss solsikkeolje
  • 1 ts karri
  • 10 dl kyllingkraft (bruk gjerne god fond)
  • 2 dl kokosmjølk
  • 2 dl kremfløte
  • 5 kyllingfilètar i bitar
  • salt og peppar (smak til mot slutten)
  • raust med koriander

Gjer klare alle ingrediensane på førehand. Eg byrjar med å skjære kyllingfilèeten i bitar og brune bitane i ei steikjepanne med litt smør. Dei treng ikkje å vere gjennomsteikte, men pass på at dei får ein gyllenbrun og fin farge. Set kyllingbitane til side medan du gjer klar dei andre ingrediensane.

Skrell  og riv løk, kvitløk, gulrøter og ingefær (beste måten å skrelle skalet av ingefær på, er å skrape det av med ei skei). Skjære chili i små bitar. Vent med eplet til slutt, det blir fort brunt. 

Ha løk, kvitløk, gulrot og chili i ei gryte og fres det i oljen. Skal verte blankt og mjukt. Tilsett det rivne eplet og ingefær. Slå i kyllingkrafta og la det heile småputre i 10 minutt. 

Ha i kokosmjølk, fløte, rive sitronskal, karri og kyllingbitane. La suppa småputre i 5-10 minutt. Smak til med salt og pepar. du kan evt ha i litt chilipulver om du ynskjer ein sterkare smak. 

Rett før servering hakkar du opp rikeleg med fersk koriander og har det i gryta. Rør godt rundt. 

Server med kvitløksbrød eller nanbrød og vatn til drikke. 

Suppe, kylling1

 

Der er mange ulike mattradisjonar i dei norske heimar; har du ein særskild matrett knytt til vekedagar? Grunnen til at eg har valgt onsdag som suppedag, er at det er den eine dagen i veka eg ikkje skal køyre ungar til og frå aktivitetar. Då rekk eg å lage mat, invitere middagsgjestar og servere før eg skal på kor litt seinare på kvelden. 

Dei to neste onsdagane vert det servert fransk løksuppe og klippfisksuppe med chili! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kylling, Supper | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *