Chilimarinert biff
Dagens rett er inspirert av Nigella Lawson og har fått namnet «Chilimarinert biff». Det er noko med den gode biffsmaken infusert med chili og kvitløk, og med små smaksbomber av søte tomatar.
Dette treng du (fire porsjonar):
6-800 g biffkjøt, gjerne biffstrimlar (mengda kjem an på kor mykje tilbehør du har eller kor svoltne folk er)
Ein klatt meierismør til steiking
Salt og pepar
Til marinaden:
2 dl olivenolje
1 ss balsamicoeddik
4 båtar kvitløk, finhakka
1 ss tørka chiliflak
ca 12 søte cherrytomatar, delt i to eller fire
ein kvast timian
Slik gjer du det:
Lag marinaden først. Hell olje og balsamico i ei eldfast form eller ei støpejernsgryte (Le Creuset er fantastisk til dette). Finhakk kvitløken og ha i oljeblandinga i lag med chiliflaka. Bland godt.
Steik biffkjøtet i smør. Dersom du har heile stykke med biff, kan du steikje biffen først og skjære i strimlar etterpå. Ha strimlane av kjøt over i marinaden. Bland godt slik at alt kjøtet får vendt seg i marinaden. Ha i tomatane og vend forsiktig. Legg ein kvast timian på toppen.
Sett på lokk eller dekk med aluminumsfolie. La kjøtet stå og trekke i marinaden i 10-15 minutt. Set kjøtet i steikeomnen i 10 minutt rett før servering, 225 grader.
Server med heimelaga pommes frites, bakt potet eller ris. Ein rustikk salat eller brokkoli og blomkål er òg godt følge. Dersom du har bakt potet, er kryddersmør nødvendig. Det lagar du enkelt slik: Ta så mykje smør som du treng (meierismør), ha det på svak varme i mikroen og la det få bli mjukt. Finhakk 2-3 fedd kvitløk og bland inn i smøret i lag med paprikapulver. Fordel smøret utover på eit aluminiumsfolie, rull til ei pølse og sett det kjapt i frysaren. Ta ut rett før du treng det og skjær i skiver. Ha smøret i potetene.
Eg kom heim etter ein lag øvingsdag med koret i går og då var det godt å setje seg til bords og nyte eit langt og godt måltid i lag med alle mine. Alle likar denne retten. «Har vi meir kjøt?» er standardspørsmål når eg serverer dette. Så pass på at du har nok kjøt. Har du restar, kan du oppbevare dei til neste dag og nyte dei som lunsj. Smakar nydeleg på bruschetta, særleg om du brukar litt grovt brød og steiker det gyllent og sprøtt i olje. Varm biffstrimlane litt og legg dei på toppen av brødet.