Haustgryte

3 Flares Twitter 0 Facebook 3 Pin It Share 0 Filament.io 3 Flares ×
Print Friendly

Ingenting er som å kose seg med ei varm og god gryte på ein haustdag med ruskevèr! Det fine med denne årstida er alle dei herlege råvarene hausten byr på. Denne gryta er full av gode smakar og du kan servere den både til kvardag og fest, gjerne med familie eller gode vener rundt bordet.

haustgryte

 

Haustgryte – dette treng du (4 porsjonar)

700 g oksekjøt

2 ss smør (til steiking)

350 g sjalottlauk

2-4 kvitløksfedd

3 store gulrøter

1 purre

2 selleristang

2 ss tomatpurè

7 dl rødvin (1 flaske)

2 ss Worchestershiresaus

4 ss flytande fond av okse, eller tre terningar kjøttbuljong

2 laurbærblad

1-2 ss hakka timian

1 1/2 dl vatn

salt og nykverna pepar

Slik gjer du det:

Bruk ei god gryte, gjerne ei støpejernsgryte om du har. Eg brukar Le Creuset-gryta mi – den er uunnværleg!

Skjær kjøtet i passe store bitar. Steik det i 1 ss smør i gryta, bruk høg varme. Legg kjøtet over på ein tallerken slik at det får kvile seg medan du gjer klar dei andre ingrediensane.

Knus og finhakk kvitløken og skjær purre og stangselleri i skiver.  Del opp gulrøtene i rause bitar. Smelt resten av smøret i gryta og surr alle grønsakene i 3-4 minutt.

Bland inn tomatpurè. Hell rødvin over i lag med buljong/fond, salt og nykverna pepar. Småkok i ti minutt.

Ha i kjøtet, Worchestershire, laurbærblad, urter og vatn.

La stå i omnen ved 160-170 grader i ca to timar under lokk. Sjekk at kjøtet i gryta er mørt og server retten med heimelage potetstappe.

 

I kjøkkenbenk-heimen er dette den ultimate haustmaten! Bruk gjerne oppskrifta som den er, eller varier med grønsaker/kjøt etter eigen smak.

Avsluttar innlegget med eit bilete av det brutalt ærlege smakspanelet mitt! God søndag til alle!

gryte3

 

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Middag - kjøt | Tagged , , , , | 1 Kommentarer

One Response to Haustgryte

  1. Kirsti Øye Driveklepp sier:

    Flott med ei oppskrift som kan nyttast av oss mjølkeallergikarar utan store omveltingar! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *