Fårikålens dag

22 Flares Twitter 1 Facebook 19 Pin It Share 2 Filament.io 22 Flares ×
Print Friendly

Fårikålens dag er dagen for kvit duk, besteserviset, høge glas og tente stearinlys. Ein festdag for alle som er glade i den gode smaken av lam og norske haustgrønsaker. 

Her i huset blir haustsesongen alltid innvia med fårikålmiddag. Det blir ei heilt eiga stemning når fårikållukta spreier seg i huset. Eg trur alle har eit forhold til fårikål og det er fleire måtar å variere denne tradisjonsrike og norske retten på (sjå tips nederst på sida). Eg lagar som regel fårikål akkurat slik det har vore vanleg å gjere det i Halse/Digernes-familien; enkelt og greit med kål, lam, peparkorn og salt. Tilbehøret er òg klassisk; poteter og gulrot. Det er alltid lurt å lage ekstra mykje slik at ein kan ha restemiddag neste dag. Fårikål smakar, om mogleg, bertre dagen etter! Pass berre på at du kjøler ned fårikålen raskt dersom du skal ha den til neste dag.

fårikål

 

Dette treng du  (stor porsjon, nok til 6-8 personar)

3 kg fårikålkjøt av lam

3 hodekål

svarte peparkorn (rikeleg!!!)

2-3 ss salt

kokande vatn (nok til å nesten dekke kålet og kjøtet)

fårikål1

 

Slik gjer du det:

Kjøt og kål skal ligge lagvis. Start med kjøtet. Dersom kjøtstykka varierer i storleik kan du legge dei største nederst. Bruk nok kjøtstykker til å dekke botnen av gryta. Skjær kålet i «båtar» eller store skiver og legg eit lag over kjøtet. Strø med svarte peparkorn og 1 ss salt. Hald så fram med kjøt, kål og krydder. Denne oppskrifta er stor nok til at du får tre lag i gryta.

Kok opp vatn i vasskokaren og slå det forsiktig ned langs kanten av gryta. Det skal ikkje vere meir vatn enn at det så vidt når over det øvste kjøtlaget. La kjøtet stå og småkoke (så vidt det putrar) til kjøtet er mørt, ca 2 timar. Koketida er avhengig av størrelsen på kjøtstykka. Kjøtet skal så vidt sleppe beinet når det er mørt nok. Smak gjerne litt på krafta undervegs, kanskje treng du å ha i meir salt.

fårikål8

 

Server fårikålen medan den er rykande varm. Pass på å få med litt av krafta. Poteter og gulrot er naturleg følge til fårikål. Mange likar også tyttebær til. Då eg serverte haustens fyrste fårikålgryte hadde eg invitert foreldra mine på middag. Mannen i huset hadde vore ute og plukke rognebær til meg, som også er fast tradisjon når vi innviar hausten! 

fårilålcollage

 

Variasjonar

Det er mange måtar å variere fårikål på:

  • Tilsett einebær for å få litt meir viltsmak på gryta
  • Kok gulrot, kålråt og sellerirot i lag med kålet og kjøtet (store bitar)
  • Ha i heile tyttebær før servering
  • Lag mjøljamning og få ein litt  tjukkare saus
  • Brun kjøtet i ei steikepanne før du har det i gryta i lag med kålet
  • Ha i soltørka tomat, gulrot og spennande urter
  • Tilsett rosmarin

Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Haustmat, Middag - kjøt | Tagged , , , , , , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *