Heimelaga tacokrydder

0 Flares Twitter 0 Facebook 0 Pin It Share 0 Filament.io 0 Flares ×
Print Friendly

Her i huset har vi ikkje vore særleg glade i taco. Vi har ikkje vore storleg begeistra for krydderblandinga og den ferdige salsaen og den kjøpte guacamolen har hatt ein slags plastikksmak, meiner ungane. Eg har sjølvsagt innsett at taco har vorte ein slags nasjonalrett som vi ikkje kan unngå. Men når eg då kryp til korset og diskar opp med meksikansk mat, så vil eg gjerne setje eit ekstra heimelaga preg på det eg serverer.

Heimelaga tacokrydder er enkelt å lage og så kan ein mikse og trikse med dei smakane ein likar best. Det eg presenterer i dag er ei grunnoppskrift og du kan godt ta litt mindre av noko og meir av noko anna. Oppskrifta har eg funne hos matbloggkollega Trine. Når eg lagar den heime så varierer eg litt på ingrediensane.

tacokrydder

Heimelaga tacokrydder

3 ss chilipulver

2,5 ts chiliflak (knuste)

2,5 ts tørka oregano

2 ss spisskummin

2 ss paprikapulver

2,5 ts hvitlaukspulver

1,5-2 ss havsalt

2 ts svart pepar

Bland alt krydderet godt og VIPS, så er det klart til bruk!

Steik 400 g karbonadedeig eller kyllingkjøtdeig og tilsett 1 1/2 ss av krydderblandinga. La krydderet surre i lag med kjøtdeiga slik at alle dei gode smakane vert henta fram. Når alt er godt blanda slår du i 0,5 dl vatn. La det heile putre til vatnet har kokt inn.

tacokrydder1

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Ingrediensar, Middag - kjøt, Middag - kylling | Tagged , , , , | 2 Kommentarer

2 Responses to Heimelaga tacokrydder

  1. Camilla sier:

    Hei:) Kvar kjøper du chilliflak?

    • Tove sier:

      Eg kjøper chiliflak på daglegvare, har funne det både på Kiwi og Eurospar! Dei er pakka i heilt vanlege krydderglas!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *