Plommekake

2 Flares Twitter 1 Facebook 0 Pin It Share 1 Filament.io 2 Flares ×
Print Friendly

Det er ei fantastisk tid for plommer no! Det bugnar med plommer på tre rundt om kring, og om du er heldig og har eit i hagen, så bør du ta med deg ei bøtte ut for å plukke! Det er så utruleg mykje godt å lage med plommer. Vi har starta helga med plommekake og i løpet av helga vert det plommesylte.

Denne oppskrifta har eg fått med ein god kollega, og ungane kallar berre kaka for «Hilde-kake»! Når hauststormane set inn, kan du gjerne lage kaka og bruke frosne plommer!

plommekake3

 

plommekakeP l o m m e k a k e   (lita langpanne)

175 g romtemperert smør

200 g sukker

1 ts vaniljesukker

3 egg

300 g kveitemjøl

2 ts bakeppulver

1 dl mjølk

10-15 plommer utan stein

3 ss brunt sukker

Rør smør, sukker og vaniljesukker kvitt, slik at det får ein kremaktig konsistens. Visp inn eitt egg om gangen. Bland mjøl og bakepulver og vend det inn i smørkremen, vekselvis med mjølk.

Hell røra i godt smurt form, 20 x 30 cm (du kan også kle den med bakepapir). Del plommene i to og ta ut steinane. Fordel plommene på toppen av kaka. Dryss brunt sukker over.

Steik kaka midt i omnen på 180 grader i 30-35 minutt. Bruk gjerne ei kakenål for å sjekke om den er ferdig.

Server med krem og båtar av ferske plommer.

La deg gjerne inspirere av herlege plommeoppskrifter på bloggane til mine gode matbloggkollegaer!

Trines Matblogg: Hausten er ei fantastisk tid for alle som er glade i mat rett frå naturen. Om du har tilgang til kjøt frå vilt er du ekstra heldig! Prøv gjerne Trine si oppskrift på rosasteikt reinsdyrfilèt med raude plommer og glasert persillerot.

Hobbykokken: Hobbykokk Olav gjer ingenting halvvegs. Alt er nøye utstudert og utprøvt før han er nøgd. Olav sin plommelikør kan difor vere lur å prøve om du likar ein søt og varmande likør. 

Frukt.no er den ultimate sida om du vil vite meir om frukt eller bær. Opplysningskontoret for frukt har mange oppskrifter med plommer, klikk her for å kom rett til paradis! 

Melk.no har mellom anna ei herleg oppskrift på karamelliserte plommer i eggestand! Den bør du absolutt prøve! 

Matprat.no har ei oppskrift på roastbeefsalat med plomme som nok kjem til å stå på menyen til kvelds i morgon! 

plommekake2

 

På toppen av denne kaka strødde eg ikkje vanleg, brunt sukker. Eg hadde ein pose med sukker frå kokosnøttpalme. Det er mykje sunnare enn vanleg sukker og smakar fantastisk godt. Det inneheld B-vitaminar, fleire mineralar og har lav glykemisk indeks. Når det i tillegg oppfører seg omtrent likt med vanleg brunt sukker, så brukar eg dette når eg har det i hus. «Coconut Palm Sugar» kjøper eg på helsekostbutikkar. Sukkeret smakar forresten nydeleg på vaniljeis!

plommekake1

 

God plommehelg til alle! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Frukt, Kaker, Matauk | Tagged , , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *