Coleslaw
Coleslaw er eit av dei gode matminna eg har frå då eg jobba i USA. Det vart brukt som tilbehør til “det meste” og smakte godt uansett. Coleslaw er ein tilbehørssalat som passar supert til smørbrød, grillmat og all slags kjøt, kylling og fisk. Der er to triks som du må hugse på for å få den god;
- Du må ikkje bruke for mykje majonnes og rømme.
- Du må ikkje blande salaten for mykje! Den skal berre løftast for siktig når du blandar.
Denne oppskrifta sørger for at du klarer triks nr. 1 og så må du sørge for å øve deg på triks nr. 2!
Coleslaw (4-6 porsjonar)
250 g fersk hovudkål
1 middels stor gulrot
1/2 grønt eple, t.d. Granny Smith
1 ss eplesidereddik
2 ts søt (mild) sennep (eg brukte Dijon-sennep)
1 ss riven peparrot, evt. frå tube
2 ss majonnes
1 dl rømme
1 ts flaksalt (gjerne Maldonsalt)
nykverna svart pepar
Skjær hovudkål i svært tynne strimlar. Skjær gulrota i lange strimlar med potetskrellaren, prøv å få dei så tynne som råd. Skjær eplet i tynne skiver.
Bland kål, gulrot og eple i ein stor bolle.
Rør saman eddik, sennep og peparrot i en annan bolle. Rør inn majonnes og rømme, smak til med salt og pepar.
Bland ikkje for mykje, då vert salaten tung og fuktig.
PS! Dersom sennepen du brukar ikkje er søt nok, så kan du tilsette litt sukker. Dersom du har dillfrø tilgjengeleg, så kan du godt tilsette pittelitt av det.
Oppskrifta er henta frå boka “Junk Food” av Liselotte Forslin.
Hei Tove. Du skriv bra og er eit godt engasjert menneske. Gode oppskrifter har du og. Kan du bruke ørret i fiskekake? Og har du ei god oppskrift på det?
Vh Teresa Joan.
Hei! Eg har ikkje laga fiskekaker med ørret, men har ei oppskrift som skal vere bra. Den er ein kombinasjon av ørret og sei.
Ingredienser:
1/2 kg filetert ørret
1/2 kg filetert sei
2 1/2-3 ss potetmjøl
Ca. 12 dl kald mjølk
1 egg
5 ts salt
1 ts malt pepar
1 ts muskatblomme
Lykke til!
Pingback: Hamburger med smak av Five SpicePå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål