Klassiske hamburgerbrød

12 Flares Twitter 1 Facebook 5 Pin It Share 6 Filament.io 12 Flares ×
Print Friendly

Å lage sine eigne hamburgerbrød er sjølvsagt meir tidkrevjande enn å kjøpe med seg ein pakke i butikken, men du er garantert eit hamburgerbrød utan tilsettingsstoff og med mykje god smak! Oppskrifta eg har brukt er frå boka «Junk Food» av Liselotte Forslin. Det kjem omtale av boka i eit seinare blogginnlegg. 

hamburgerbrød

Klassiske hamburgerbrød ( ca. 20 små eller 12 store)

Desse hamburgerbrøda er mjuke og luftige, akkurat slik eit klassisk hamburgerbrød skal vere. Du må gjerne doble oppskrifta og fryse ned det du løyver. Eg foretrekk å lage hamburgerbrøda litt store og denne oppskrifta gir 12-15 store hamburgerbrød. 

50 g gjær

50 g smør

5 dl mjølk

1 ts salt

1 ts sukker

14 dl kveitemjøl

1 egg (til pensling)

sesamfrø eller Nigellafrø

Bland alt det tørre i ein bakebolle (inkl. tørrgjæra). Hald tilbake litt av mjølet. Smelt smøret og tilsett mjølka, pass på til det får rett temperatur. Hell smørmjølka i det tørre og bland saman. Jobb godt med deigen til den blir smidig og god. Sett til heving på ein lun stad i 40 minutt. 

Ta den ferdigheva deigen ut av bollen, kna inn resten av mjølet. Del deigen i så mange bitar som du vil ha hamburgerbrød. Trill til bollar. Legg bollane på eit bakepapir på ei bakeplate. Klem dei litt flate. Legg eit klede over bollane og la dei heve i 30 minutt til. 

Medan hamburgerbrøda hevar for siste gong, set du steikeomnen på 225 grader.

Pensle dei ferdigheva hamburgerbrøda med samanpiska egg og strø over sesamfrø eller Nigellafrø. 

Steik brøda midt i steikeomnen i ca 12 minutt eller til dei er vakkert gyllenbrune.

Avkjøl brøda på rist under eit klede før du deler dei i to. 

hamburgerbrød1

Om du vil ha hamburgerbrøda litt sprø når du serverer dei, så kan du skjerpe dei litt i steikeomnen eller putte dei i brødristaren. Om du har hamburgerbrød til overs kan du sjølvsagt bruke dei som rundstykker. Med godt smør og godt pålegg er dei perfekte i nisteboksa eller på frukostbordet. 

hamburgerbrød2

 

Om du vil lese litt meir om boka «Junk Food», så kan du kike innom haugenbok.no her

 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Bakverk/gjærdeig, haugenbok.no, Kokebøker, Smårettar | Tagged , , , , , , , , | 7 Kommentarer

7 Responses to Klassiske hamburgerbrød

  1. Elin sier:

    Hamburgerbrødene ser luftige og flotte ut. Jeg bakte hamburgerbrød i forrige uke til pulled pork, og selvgjort er velgjort! 🙂

  2. Heidi sier:

    Har prøvd oppskriften din på hamburgerbrød, og de ble supergode!
    Ble luftige og fine, og de metter og smaker MYE bedre enn butikkjøpte.
    Tusen takk for oppskrift. Disse skal jeg definitivt lage flere ganger 🙂

  3. Tilbaketråkk: Hamburger med smak av Five SpicePå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  4. Fantastisk gode hamburgerbrød! Fungerer også som rundstykker til lunchen eller til salat. Oppskriften er notert i kokeboken

Legg igjen en kommentar til Heidi Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *