BBQ-saus

26 Flares Twitter 1 Facebook 25 Pin It Share 0 Filament.io 26 Flares ×
Print Friendly

Grillsesongen er på ingen måte over, sjølv om haustlege regnbyger har lagt seg over Sunnmøre. Når ein grillar er det heilt essensielt med ein god BBQ-saus som kan gi god smak til kjøtet ein grillar. BBQ-saus kan også brukast som smakstilsetning i t.d. hamburgerar.

Å lage sin eigen BBQ-saus er enklare enn du trur. Det handlar sotrt sett om å kutte, blande, koke opp, kjøle ned. I boka «Junk Food», av Liselotte Forslin, er der fleire oppskrifter på herleg tilbehør, m.a. BBQ-saus. Boka skal eg anmelde i eit seinare innlegg, men i dag får du to oppskrifter på fantastiske BBQ-sausar som er henta frå «Junk Food»-boka. Eg har gjort nokre små justeringar på oppskriftene for å få smaken slik eg likar den best.

BBQ6

 

BBQ-SAUS #1:

All purpose BBQ-saus – passar til kjøt og kylling som skal grillast

1 løk, fint hakka

5-8 fedd kvitløk, fint hakka

2 laurbærblad

15 heile peparkorn

1 ts spisskummen

2 ts tørka oregano

2 ss olivenolje

1 flaske chilisaus (ca 4 dl)

4 ss Heinz ketchup

1 dl eplesidereddik

2 dl lyst brunt demerarasukker

1 ts salt

1 ts Worcestershiresaus

Fres løk, kvitløk, laurbærblad, pepar, spisskummen og oregano i olivenolje i ei stor gryte til løken er blank og mjuk. Den skal ikkje få farge.

Tilsett resten av ingrediensane, kok opp og la trekke/småputre i 20-30 minutt. Rør om av og til. Avkjøl.

Når sausen er avkjølt køyrer du nokre runder med stavmiksaren før du har sausen på ei rein flaske eller glas med tett lokk.

Bruk den som tilbehør til grillmat (til å dyppe grillmaten i) eller du kan pensle grillmaten rett før servering!

(sjå under bileta for oppskrift nr. 2)

BBQ1

BBQ2

BBQ3

 

BBQ-SAUS #2:

Holy Smoke BBQ-saus – enklare blir det ikkje; bland og kok opp – Yee-ha! 

3 dl Heinz ketchup

3 ss mørkt brunt muscovadosukker (eller vanleg brunt sukker)

2 ss eplesidereddik

2 ss røykt paprikapulver

2 kvitløksfedd, revne

1 ss tørrsennep

1 ts chiliflak eller chilipulver

1-2 ts røykessens (treeddik – det får du kjøpt på apoteket)

Bland alle ingrediensane i ein kjele (ikkje aluminium). Kok opp og ta sausen trekke i 5 minutt på lavaste varme.

Avkjøl og ha på reint glas med tett lokk.

That`s it – så enkelt er det! Og når det gjeld røyksmaken på denne sausen, så er det altså treedikken som gir den smaken. Du får kjøpt treeddik på apoteket. Tørrsennep får du kjøpt i velassorterte daglegvarebutikkar. Det kan hende du ikkje får tak i røykt paprikapulver, men då kan du bruke vanleg paprikapulver.

Bruk denne BBQ-sausen til å pensle grillmaten med rett før servering, eller som smakstilsetting i hamburgerar. Det smakar også nydeleg å dyppe grillmat i sausen eller legge ein dæsj på hamburgeren!

BBQ

 

I morgon kjem det oppskrift på heimelaga hamburgerbrød og seinare kjem det innlegg med heimelaga hamburgerar og ein omtale av boka «Junk Food» av Liselotte Forslin. Viss du vil inn og smugkike på boka finn du den på haugenbok.no sine nettsider, sjå her.

Som matbloggar er ein sjølvsagt opptatt av meir enn berre å lage maten, som t.d. å ta bilete av maten. Det er viktig at lyset er rett, at maten er fint dandert og at bakgrunn/underlag passar til både lyset og det som du skal ta bilete av. Eg har teke bilete av mat på dei raraste plassar, og i dag vart all maten fotografert på grabben til mannen si gravemaskin, midt i maskinparken!  Her er eit lite «behind the scenes»-bilete for spesielt interesserte! 

BBQ4

 

Ikkje rart naboane ser rart på oss, hi, hi!!! 


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under haugenbok.no, Ingrediensar, Kokebøker, Smårettar, Sommarmat, Tips og idèar | Tagged , , , , , , , | 3 Kommentarer

3 Responses to BBQ-saus

  1. Tilbaketråkk: Fancy a hamburger? paakjokkenbenken.comPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  2. Tilbaketråkk: Hamburger med smak av Five SpicePå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

  3. MissMette sier:

    Tusen takk for oppskrifter – både her og
    i innleggene under 🙂 Du er flink og jeg
    titter innom så fort jeg ser på Facebook
    at du har nye innlegg… Er ikke så flink
    til å kommentere – men jeg titter innom 🙂
    Ønsker deg en fortsatt fin sommer, klem
    fra Mette

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *