Kjeks med kvit sjokolade
Vi har hatt så fine dagar på Sunnmøre i det siste. I går, søndag, pakka vi sekken og sette av garde til fjells. På slike turar er det sjølvsagt viktig med god niste, litt søtt å bite i og kaldt å drikke. For å ordne med det søte, stod eg opp tidleg og baka to sortar kjeks. Den eine varianten, kjeks med kvit sjokolade, får du oppskrift på i dag. I morgon kjem ei oppskrift på kjeks med sjokolade, peanøtter og HonniKorn.
Til venstre: kjeks med kvit sjokolade, til høgre: kjeks med mørk sjokolade, peanøtter og Honni Korn
Kjeks med kvit sjokolade, ca 16 stk
100 g mjukt smør
100 g demererasukker, muscovadosukker eller anna brunt sukker
1 ss lys sirup
150 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
100 g kvit sjokolade
Slik gjer du det:
- Rør smør og sukker til ein luftig og lett krem. Tilsett sirupen.
- Rør inn halvparten av mjølet blanda med bakepulver.
- Hakk sjokoladen grovt og bland den med resten av mjølet og elt inn i deigen. Bruk fingrane eller ein miksmaster.
- Del deigen i 16 bitar og sett kuler med god avstand på bakepaprikledd steikebrett. Ikkje trykk dei ned, men la dei få flyte ut av seg sjølv.
- Steik ved 180 grader til dei har vorte gylne i kantane, ca 12 minutt. Avkjøl på rist.
Dersom du brukar meierismør når du lagar kjeksa, så vil du få ein nydeleg karamellaktig smak. Eg kan love deg at kjeksa smakar fantastisk når ein finn ein fin rasteplass i lyngen på fjellet! Nykokt kaffi på kjele og sprakande bål er heller ikkje å forakte…
Sånn ser det ut når den gamle nisteboka må plasserast for å unngå sol og maur! Då heng vi den på ein einekvist litt over bakken!
* n o s t a l g i *
I morgon kjem oppskrifta på dei andre kjeksa som vi hadde med oss på fjellet denne dagen!
For noen flotte bilder og ikke minst den blå boksen. Eller er det ei korg?
Flott var den.
Skal faktiskt bake disse kjeksene i natt. Må holde meg våken så da har eg noe å gjöre på 😀
Takk for en enkel oppskrift.
Klem Synnöve.
Den blå boksa er gammal og er ei gammal nisteboks som var att i huset då vi tok over garden vi bur på! Då får du kose deg med nysteikte kjeks i natt 😉
Pingback: Kjeks med Honni Korn og peanøtterPå kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål