Ingefærøl; herleg tørstedrikk!

22 Flares Twitter 1 Facebook 21 Pin It Share 0 Filament.io 22 Flares ×
Print Friendly

Når den norske sommaren er på sitt varmaste, er det ingenting som er betre enn å sette seg ei stund i skuggen med iskald drikke. Ingefærøl er ein svært god tørsteslukkar i varmen og enkelt å lage. Ingefærøl har eigentleg ikkje så mykje med øl å gjere. Det er ein alkoholfri drikk som har sin opprinnelse frå England på 1700-talet.

ingefærøl

Sjølv om ekte ingefærøl vert brygga ved å bruke ein enkel og kort fermenteringsprosess, vert drikken heilt, eller så godt som alkoholfri. Om du vil lage ingefærøl heime på kjøkkenbenken, er der fleire oppskrifter du kan bruke. Nokre av dei inneheld litt gjær, men eg lagar det heilt utan gjær. Einaste målet er å lage ein drikk som både er god og sunn, i tillegg til at den er suveren til å sløkke tørsten i sommarvarmen.

ingefærøl3

I Storbritannia og USA vert ingefærøl (ginger ale) solgt som vanleg brus.

Oppskrifta mi har eg funne på Jamie Oliver si heimeside. Eg har justert den litt for å få den slik eg likar den best. Du treng:

ingefærøl oppskrift

 

Slik gjer du det:

  • Vask sitronane godt. Dersom du brukar økologiske sitronar, treng du ikkje vere så grundig.
  • Riv ingefæren på eit middels grovt rivjern. Du treng ikkje å fjerne skalet. Ha ingefæren i ei stor skål (må romme litt meir enn ein liter). Ha over sukkeret. Om du likar det litt surt, så er kanskje fire ss sukker nok. Eg måtte ha i seks ss sukker…
  • Skrell skalet av sitronen med ein potetskrellar. Ha skalet i skåla i lag med sukker og ingefær.
  • Bruk ei tresleiv el. liknande og bank godt på innhaldet i skåla. Då får du skvisa ut all den gode smaken frå sitronskalet og frå ingefæren. Rør godt saman når du er ferdig.
  • Skvis ut all safta frå dei tre sitronane og ha i skåla. Bland godt.
  • Slå i det kolsyrehaldige vatnet (eller Farris). La stå i 10-15 minutt. Rør forsiktig ein gong eller to medan du ventar.
  • Når ventetida er over, slår du ingefærølet gjennom ei sil og over i ei mugge. Server i fine glas, fyll på med masse isbitar og pynt med sitronmelisse eller mynte.

ingefærøl4

 

Ingefærrota vert ofte kalla «rota til alt godt» og du kan lese meir om ingefær sin helsegevinst her. I tillegg skriv professor Fægri at «..avkok av ingefær er et skattet afrodisikum «med varm og koselig virkning». Det er altså mange gode grunnar til å ha ingefær liggande tilgjengeleg på kjøkkenbenken!

ingefærøl2

 

Ingefærøl servert på denne måten er ein ypperleg drink å servere gjestane før middagen ein sommarkveld. Eller om venninnegjengen skal kose seg på terrassen ein varm ettermiddag. Den herlege ingefærsmaken gjer at du godt kan servere heimelaga ingefærøl til mat med eksotiske krydder.


Om Tove

Kvardagsmenneske. Sans for det gode liv. Engasjert. Trebarnsmamma. Godt gift med draumemannen. Bur på vakraste stad på jord. Er fascinert av det skrivne ord. Glad i reiser og spanande opplevingar. Set pris på at akkurat DU les bloggen min!!!

Filed under Sommarmat | Tagged , , , , , | Kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *